Tsjekhov i Moskva oblast
Tsjekhov Чехов | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||
Først nemnt på Bystatus |
1700-talet 1954 | ||
Borgarmeister | Vladimir Steperenkov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
14 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
73 580 5 255,7 /km² | ||
Koordinatar | 55°09′00″N 37°29′00″E / 55.15000°N 37.48333°E | ||
Høgd over havet | 170 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 14230x | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)49672 | ||
Nettstad: www.chekhov-city.ru |
Tsjekhov (russisk Че́хов) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sør for Moskva.
Byen oppstod som ein handelsbusetnad på 1700-talet. Mellom 1920 og 1954 skifta busetnaden namn fleire gonger. Før 1920 heitte han Lopasnja (russisk Лопасня) (etter elva Lopasnja), mellom 1920 og1936 Tsjornoje Ozero (russisk Чёрное Озеро) og frå 1936-1954 igjen Lopasnja. I 1954 fekk busetnaden bystatus og det noverande namnet sitt, til ære for den russiske forfattaren Anton Tsjekhov. Femten kilometer frå Tsjekhov, i landsbyen Melikhovo, ligg eit Anton Tsjekhov-museum.
I utkanten av Tsjekhov ligg Davidov-klosteret, etter sigande det rikaste klosteret i Russland. Det inneheld mange kyrkjer frå 1600- og 1700-talet.
Nær Tsjekhov ligg krigshovudkvarteret til Russland sin generalstab, gravlagd djupt under bakken,[1] og truleg direkte knytt til Kreml via ein undergrunnsbane– Moskva Metro 2, drive av den russiske føderale tryggingstenesta (FSB).[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tsjekhov i Moskva oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 11. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Globalsecurity.org, Chekhov[daud lenkje]
- ↑ Google Earth community Arkivert 2008-06-12 ved Wayback Machine. Begge desse kjeldene baserer seg på det amerikanske forsvarsdepartementet sin «Soviet Military Power».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Davidov-klosteret Arkivert 2008-01-15 ved Wayback Machine.