Vêret i Noreg 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klimatologisk oversikt over temperatur i forhold til normal årmiddeltemperatur i 2009.
Foto: met.no
Klimatologisk oversikt over nedbør i forhold til normal årsnedbør i 2009.
Foto: met.no

Vêret i 2009 vart ikkje prega av dei store utslaga og både temperatur og nedbør låg nær normalen. For heile landet sin del vart middeltemperaturen for 2009 1,0 ºC over normalen, og dette var det 19. høgaste som då var registrert. Varmast i forhold til normalen var det søraust i Finnmark og delar av Nord-Trøndelag som fekk 1,5-2 ºC over normalen. Svalbard hadde eit særs mildt år med temperaturar 2-3 ºC over normalen. Nedbørsmessig fekk det meste av landet nedbør som normal, medan delar av områda austafjells i Sør-Noreg fekk 125-150 % av normale nedbørsforhold.

Vêret i 2009[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2009[endre | endre wikiteksten]

Januar var mild og våt i store delar av landet, særleg i Sør-Noreg og Nordland, og fleire stasjonar sette ny rekord for døgnnedbør. 12. januar vart det målt 14,0 ºC på Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Dette var den høgaste målte temperaturen vinteren 2008-2009. Det våtaste døgnet vart 12. januar, då det vart målt 117,5 mm på Eik i Rogaland.

I februar fall temperaturane og i det meste av landet var temperaturen under normalen, i Finnmark 3-4 ºC lågare enn normalt. Nedbørsmessig kom det litt meir nedbør enn normalt, mest på Austlandet og i Trøndelag (150-200 %) og minst i Troms og Nordland (under 50 %). 18. februar vart det målt -36,6 ºC i Karasjok, den lågaste temperaturen i landet vinteren 2008-2009.

Våren 2009[endre | endre wikiteksten]

Mars vart mild i store delar av landet, stort sett 2-3 ºC over. Nedbørsmessig vart det 95 % av normalen, tørrast på Finnmarksvidda, delar av Nordland og Nord-Trøndelag (under 50 %), og på Austlandet, sør på Sørlandet og ytre strøk av Vestlandet 100-175 % av normalen. 25. mars vart det målt -32,1 ºC på Suolovuopmi i Finnmark, den kaldaste dagen våren 2009. 20. mars vart det målt 127,6 mm på 24 timar på Lurøy i Nordland, det våtaste døgnet våren 2009.

April 2009 vart den tredje varmaste aprilmånaden som er registrert med ein temperatur 2,8 ºC over normalen. Så godt som heile Sør-Noreg fekk den varmaste aprilmånaden nokon gong, og i fjellet i Sør-Noreg vart temperaturen 5-6 ºC over normalen, og 60 vêrstasjonar sette nye rekordar for månadstemperatur. Enkelte stasjonar i Trøndelag fekk òg nye rekordar for maksimumstemperatur. Nedbørsmessig var april litt våtare enn normalt, 105 %, men i Nord-Trøndelag og Nordland vart det registrert over dobbelt så mykje nedbør som ein normal april, og fleire stader her sette ny rekord for døgnnedbør. Delar av Møre og Romsdal hadde sin tørraste april på over 30 år. 3. april vart det målt 66,5 mm på 24 timar i Åfjord i Sør-Trøndelag.

Mai vart våt og mild i store delar av landet, 165 % av nedbørsnormalen og temperaturar 1,5 ºC over temperaturnormalen. Nord-Noreg og Vestlandet fekk langt meir nedbør enn normalen. Nord-Noreg fekk den nest våtaste maimånaden som er registrert nokon gong og enkelte stader fekk nye rekordar for månadsnedbør. 30. mai vart det registret 29,0 ºC på Kotsøy i Sør-Trøndelag, den varmaste dagen våren 2009 og den høgaste temperaturen som er målt i Sør-Trøndelag i mai nokon gong.

Sommaren 2009[endre | endre wikiteksten]

Juni vart noko kjøligare enn normalt på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, medan Vestlandet, kyststrøka av Sørlandet og Austlandet fekk temperaturar over normale. For heile landet vart temperaturen 0,4 ºC over normalen. Mot slutten av juni kom dei skikkelege sommartemperaturane og fleire stasjonar sette nye varmerekordar. Nedbørsmessig vart juni forholdsvis tørr, 80 % av normalen, og i store delar av Sør-Noreg og kysten nordover i landet, vart det langt tørrare enn normalt, i enkelte område berre 20-30 % av normalen. 4. juni vart det målt -9,2 ºC på Juvvasshøe i Jotunheimen, den lågaste temperaturen sommaren 2009.

Sommarvarmen heldt fram i juli og temperaturen i landet vart 1,1 ºC over normalen. På kysten av Vestlandet vart det registrert 3 ºC over normalen, og fleire stader i Sør-Noreg sette nye rekordar for maksimumstemperatur. Månaden vart derimot våt, særleg på Sørlandet og Austlandet. Sørlandet fekk sin nest våtaste juli sidan registreringane starta og fleire stasjonar fekk nye døgnnedbørrekordar. 3. juli vart det målt 34,2 ºC i Gulsvik i Buskerud, som var den høgaste målte temperaturen i 2009. På Galleberg i Vestfold vart det målt 90,8 mm den 5. juli, som var det våtaste døgnet sommaren 2009.

August vart òg varm, 1,4 ºC over normalen, men varmast vart det i Nord-Noreg der delar av Troms fekk den varmaste august månaden på 40 år. Delar av Nordvestlandet og nordvest på Austlandet kom det over dobbelt så mykje nedbør som normalt og fleire stasjonar sette nye rekordar for månadsnedbør og døgnnedbør.

Hausten og desember 2009[endre | endre wikiteksten]

September 2009 vart den sjuande varmaste sidan 1900 med ein middeltemperatur 1,7 ºC over normalen. Nedbørmessig vart september våt (120 %) og Trøndelag og Helgeland fekk den våtaste septembermånaden på over 100 år. Fleire stader i landet vart det sett nye rekordar for døgnnedbør. 1. september målte Sunndalsøra i Møre og Romsdal 24,7 ºC, som var den høgaste målte temperaturen hausten 2009.

Oktober vart kjølig, 1,8 ºC under normalen og Austlandet hadde sin 11. kaldaste oktober sidan 1900. Berre kystområda av Finnmark fekk temperaturer over normalen. Månaden vart òg tørr, 60 % av normalen i heile landet, og i Sogn og på Finnmarksvidda berre 40-50 % av normalen.

November vart mildare att, 3,0 ºC høgare enn normalen, og Nord-Noreg fekk den femte varmaste novembermånaden sin som er registrert. Bjørnøya fekk ny rekord for middeltemperatur i november. Nedbørstilhøva var omkring normalen i store delar av landet, men i Nordland og Troms var det særs tørt, berre 5-20 % av normalen, og fleire stasjonar her sette ny rekord for låg månadsnedbør. På Sørlandet vart november 2009 den nest våtaste nokon gong. 30. november vart det målt -27,6 ºC på Cuovddatmohkki i Finnmark, den lågaste temperaturen i landet hausten 2009. 20. november målte Opstveit i Hordaland 143 mm med regn, det våtaste døgnet i landet hausten 2009.

Desember vart igjen kjølig i heile landet, 1,1 ºC over normalen, og enkelte stader i Sør-Noreg fekk nye rekordar for minimumstemperatur. På Svalbard var temperaturane derimot særs høge, heile 8-9 ºC over normalen. Like før jul byrja det å snø og dei aller fleste stadane i landet fekk kvit jul.


Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturen for Noreg i 2009 vart 1,0 ºC over normalen. 2009 vart då det 19. varmaste året som er registrert. Dei varmaste åra var 1934, 1990 og 2006 med 1,8 ºC over normalen. Alle vêrstasjonane i landet hadde ein middeltemperatur over normalen i 2009.

Høgast middeltemperatur vart det langs kysten av Hordaland og Rogaland. Slåtterøy fyrBømlo i Hordaland fekk 8,8 ºC, som er 1,2 ºC over normalen. Kvitsøy og Sola i Rogaland hadde begge 8,7 ºC. Lågast middeltemperatur var det i fjellet i Sør-Noreg og på Finnmarksvidda med Juvvasshøe i Jotunheimen som den kaldaste med -3,6 ºC. I Suolovuopmi i Finnmark vart middeltemperaturen -1,7 ºC, som er 0,7 ºC over normalen.

Den varmaste dagen i 2009 vart 3. juli. I Gulsvik i Buskerud vart det då målt 34,2 ºC. Kaldast vart det på Røros i Sør-Trøndelag med -36,8 ºC.


Månad Temp. (°C) Stad Dato Temp. (°C) Stad Dato
Januar 14,0 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 12. januar –34,5 Kautokeino, Finnmark 14. og 15. januar
Februar 10,2 Skibotn, Troms 1. februar -36,6 Karasjok, Finnmark 18. februar
Mars 15,4 Kjevik, Aust-Agder
Tveitsund, Aust-Agder
21. mars -32,1 Suolovuompi, Finnmark 25. mars
April 22,6 Åfjord, Sør-Trøndelag 30. april -30,8 Suolovuompi, Finnmark 3. april
Mai 29,0 Kotsøy, Sør-Trøndelag 30. mai -11,0 Juvvasshøe, Oppland 11. mai
Juni 32,5 Trysil, Hedmark 29. juni -9,2 Juvvasshøe, Oppland 4. juli
Juli 34,2 Gulsvik, Buskerud 3. juli -1,6 Juvvasshøe, Oppland 10. juli
August 29,8 Saltdal, Nordland d 8. august -5,1 Cuovddatmohkki, Finnmark 20. august
September 24,7 Sunndalsøra, Møre og Romsdal e 1. september -9,0 Juvvasshøe, Oppland 28. september
Oktober 14,8 Oslo (Blindern) 7. oktober -19,9 Cuovddatmohkki, Finnmark 31. oktober
November 16,1 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 20. november -27,6 Cuovddatmohkki, Finnmark 30. november
Desember 12,2 Kråkenes fyr, Sogn og Fjordane 6. desember -36,8 Røros, Sør-Trøndelag 18. desember


Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsforholda i landet sett under eitt i 2009 var nær det normale. 2009 vart det 35. våtaste året sidan 1900. Våtast var 1983 med 125 % av normalen.

Enkelte område på Austlandet og Sørlandet fekk 125-150 % av normalen sin i 2009, medan nordlege område av Nordland, Troms og Finnmark, det meste av Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag berre fekk 75-100 % av normalen.

Våtast av nedbørsstasjonane i landet var Haukeland i Hordaland med 3380 mm. Av dei vanlege vêrstasjonane vart Kvamskogen i Hordaland våtast med 2979 mm (95 % av normalen). Vidare følgde Takle i Sogn og Fjordane (2888 mm - 91 %), Eik i Rogaland (2527 mm - 118 %) og Modalen i Hordaland (2359 mm).

Tørrast vart det i Saltdal i Nordland med berre 200 mm (69 % av normalen). Andre tørre stader var Skjåk i Oppland (260 mm - 94 %), Lesja i Oppland (296 mm - 78 %), Banak i Finnmark (311 mm - 90 %) og Cuovddathmohkki i Finnmark (327 mm - 86 %).

Det våtaste døgnet målte Opstveit i Hordaland med 143,0 mm den 20. november.

Månad Nedbør (mm) Stad Dato
Januar 123,5 Brandset, Hordaland 12. januar
Februar 63,2 Øvstedal, Hordaland 22. februar
Mars 127,6 Lurøy, Nordland 20. mars
April 66,5 Åfjord, Sør-Trøndelag 3. april
Mai 60,5 Skjervøy, Troms 12. mai
Juni 58,4 Kvineshei, Vest-Agder 18. juni
Juli 90,8 Galleberg, Vestfold 5. juli
August 92,0 Vigmostad, Vest-Agder 5. august
September 94,7 Takle, Sogn og Fjordane 9. september
Oktober 82,4 Haukeland i Masfjorden, Hordaland 7. oktober
November 143,0 Opstveit, Hordaland 20. november
Desember 79,3 Vigmostad, Vest-Agder 7. desember

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt (19. januar 2010). «Været i Norge - Klimatologisk oversikt - Året 2009» (PDF). met.no info. Oslo.