Julekubbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den eldste til stades tenner julekubben i den provencalske skikken cacho fio.

Julekubbe eller julestubbe kan visa til ulike juletradisjonar som går ut på å brenna eller pynta med ein trekubbe til jul, eller ei kake forma og pynta til å likna ein kubbe.

Brenning av julekubbe[endre | endre wikiteksten]

Julekubben blir slept inn til Hever Castle. Måleri av Robert Alexander Hillingford (1825-1904).

Å brenna ein stor kubbe eller trestamme til jul har vore ein utbreidd tradisjon frå sør til nord i Europa, og er også kjend frå europeiske koloniar. Julekubben blei typisk vald ut, teken inn i huset og tend på med visse seremoniar på julaftan eller første juledag. Han skulle så brenna utan å sløkka inntil berre smådelar eller oske var att. I nokre tradisjonar var det meininga at han skulle vara alle dei tolv juledagane.[1]

Ein kunne signa kubben med ord eller offer. Ulike offer kunne til dømes vera som salt, vatn, korn, olje eller vin.[2] I Serbia gav ein julekubben, der kalla badnjak, vigslevatn, røykjelse, vin, mat og pengar.[3] Ein kunne også tilby han delar av julemåltidet. Ofte var det den eldste personen i hushaldet som tende på kubben, la han i eldstaden og utførte dei lokale rituala.[2] I Auxois i Frankrike blei det sagt at jomfru Maria varma seg ved den brennande kubben, i Dinan gjorde englane det.[3]

I England var det vanleg å drikka øl rundt den brennande julekubben.[4] Frå Yorkshire blir det fortald at ein kunne sitja rundt kubben og fortelja soger om skrømt eller spela kort. Like før kveldsmåltidet sløkte ein alle lys. Den yngste personen i laget tende så to levande lys frå julekubben, og alle var stille og ønskte seg noko. Ingen andre lys måtte tennast den natta, og lysa måtte brenna heilt ned.[5]

Julekubbar blir også nemnde i samband med koloniane. På ein del slaveplantasjar i dei amerikanske Sørstatane skal ein til dømes ha late slavane ha fri så lenge julekubben brann. Det blir vidare fortald at dei som valde ut kubben brukte det grønaste, våtaste eksemplaret dei kunne finna for at han skulle brenna lengst mogleg.[6]

Brenninga av julekubben hadde gjerne med lukke for det nye året å gjera. Ein kunne spå ved å telja gnister som kom ut frå kubben i det han blei tend, slått eller sparka.[7] Måten kubben brende på og om han sløkte var spådomsteikn.[8]

Restane av kubben blei ofte tillagd ei magisk kraft. Ein kunne til dømes spreia oska på markene for å få god grøde,[9] eller gjeven i maten eller drikka til kyrne etter kalving.[10] Dei ubrende delane meinte ein overalt kunne verna mot lyn, eld, uvêr[9] og vonde makter.[10] Nokre stader blei den ubrende delen spart for å tenna på neste års julekubbe.[11][12]

Skikken har tydelege heidenske trekk, men opphavet er uklart. Mange hevdar at juleskikken hadde eit germansk eller nordisk opphav, men namna og dei mange skikkane rundt julekubben i Sør-Europa kan også peika mot eit meir romersk opphav. Forskaren Leslie Johnston peiker til dømes på likskapen mellom mange søreuropeiske namn på kubben (som provencalsk calendeau, rumensk calindau og bulgarsk koladnik) og romerske markeringar av kalendae, dei første dagane i ein månad (og moglegvis det nye året).[13]

Julekubbe som gåvegjevar[endre | endre wikiteksten]

Tió de Nadal under eit tre.

I Catalonia og delar av Aragon, Andorra og Occitania har ein tradisjonelt teke ein kubbe inn i heimen før jul, mata han og varma han, og late han skita gåver til jul. Kubben er kjend som tió de Nadal eller berre tió ('kubbe'), tronca de Nadal eller de Nabidat, soca, xoca eller tronc på katalansk, cachafuòc eller Soc de Nadal i Occitania og Tizón de Nadal eller Toza i Aragon.

Kubben kan vera ein enkel eller hol trestamme, eller i nyare tid dekorert med fjes og føter. Han har ofte ein barretina, ei tradisjonell raud lue, på seg. Ein byrjar typisk å passa på kubben den 8. desember, dagen for den usmitta befruktinga. Han blir dekt med eit teppe slik at han skal vera varm, og kvar kveld gjeven mat og vatn.

Under kubbefeiringa (cagatió) på julaftan eller ein av juledagane syng ungane ein song til kubben og slår han med stokkar for å få han til å skita gåver. Dei går så til eit anna rom for å be om gåver eller synga julesongar. Når dei kjem tilbake finn dei små gåver inni stammen, om han er hol, eller oftare under teppet. Gåvene er gjerne søtsaker, tørka frukt, nøtter og ei lita leike. Dette kan gjerast fleire gonger heilt til kubben berre produserer ei salt sild, lauk, kvitlauk eller ei skål med vatn.[14]

Ein kan halda julekubbefeiring heime, hjå slektningar eller felles i eit lokalsamfunn. Svære kubbar kan også setjast opp på offentlege juletilstellingar, og brukte som dekorasjon eller bankast til å skita gåver.[14]

Den brukte stokken blei tradisjonelt brend i peisen, som ein hadde plassert han ved før gåvegjevinga. I dag kan ein like gjerne ta vare på han og bruka han opp att neste år.[14]

Julekubbe-kake[endre | endre wikiteksten]

Bûche de Noël eller julekubbekake.
Bûche de Noël dekorert med melis og soppar av marengs.

Fransk julekubbekake eller Bûche de Noël er ei rullekake dekorert slik at ho ser ut som ein trestamme. Ho har gjerne eit sjokoladetrekk med borkmønster.. Ein ende av kaka kan vera skoren av og lagt ved sida av henne for å likna ei avskoren grein. Julekubben kan vera pynta med jule- eller skogting som sopp, nissar, øks, sag, naturlege bær og grøne blad.[15] I dag finst det også kaker laga i former (ikkje rulla) og dekorert med ulike typar krem, gelé, kjeks og anna.

Rullekaka er kjend frå 1800-talet av, men blei først kalla Bûche de Noël etter at skikken med å brenna ein julekubbe stort sett var fallen ut av bruk på 1900-talet.

Brennande julekubbe på fjernsynet[endre | endre wikiteksten]

Frå programmet The Yule Log i 1970.

I USA har ein i fleire år send programmet The Yule Log, ein film av ein brennande julekubbe, på julaftan eller morgonen før juledag. Det første programmet blei send i 1996 av stasjonen WPIX i New York by, som heldt fram med det til 1989 og deretter gjenoppliva det i 2001. Programmet har også blitt send på kanalar knytt til Tribune Media, eigaren av WPIX, som WGN America og Antenna TV. Bildet av kubben er akkompagnert av roleg julemusikk, og programmet blir ikkje avbrote av reklame.

Det var leiaren for WPIX, Fred M. Thrower, som kom på ideen om å senda opptaket av ein julekubbe som ei gåve til folk som ikkje hadde eigen peis. Programmet gjorde også at dei fleste tilsette ved stasjonen kunne feira jul med familiane sine i staden for å vera på arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Giraudon, D. (2008), «Dust and Ashes: Sweeping the Souls in Celtic Countries», Béaloideas: 119–138  Den ukjende parameteren |no= vart ignorert (hjelp) s. 135
  2. 2,0 2,1 Johnston 1939, s. 353.
  3. 3,0 3,1 Johnston 1939, s. 354.
  4. Johnston 1939, s. 353-4.
  5. Partridge, J. (1914), «Folklore from Yorkshire (North Riding)», Folklore, 25(3): 375–377 
  6. Shauna Bigham; Robert E. May (1998), «The Time O' All Times? Masters, Slaves, and Christmas in the Old South», Journal of the Early Republic (University of Pennsylvania Press on behalf of the Society for Historians of the Early American Republic) 18 (2 (Summer)): 263–288, doi:10.2307/3124894 , s. 277-278.
  7. Johnston & 1939 Johnston, s. 351-2.
  8. Johnston & 1939 355.
  9. 9,0 9,1 Johnston 1939, s. 355-6.
  10. 10,0 10,1 Tourneur 1928, s. 634.
  11. Rose, H. (1923), «Folklore Scraps», Folklore, 34(2): 154–158  s. 157
  12. Burne, C. (1886), «Herefordshire Notes», The Folk-Lore Journal 4(2): 163–168 
  13. Johnston 1939, s. 345, 350.
  14. 14,0 14,1 14,2 «Tió de Nadal - Caga tió - Catalan Christmas log and song», BarcelonaYellow, henta 21. desember 2016 
  15. Sorkina, Angelika, Julekubbe Bûche de Noël, norgesbestebakst.no 
Bibliografi