Åmål

Koordinatar: 59°03′00″N 12°42′00″E / 59.05000°N 12.70000°E / 59.05000; 12.70000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°03′00″N 12°42′00″E / 59.05000°N 12.70000°E / 59.05000; 12.70000

Åmåls byvåpen
Åmål cirka år 1700
Fra Åmål sentrum med byen torg Plantaget til høyre

Åmål er ein svensk by i Västra Götalands län, i landskapet Dalsland. Han er administrasjonssenter for Åmåls kommun. I år 2000 hadde byen 9 355 innbyggjarar. Åmål er den einaste byen i Dalsland og ligg på begge sider av Åmålselva («Åmålsån») som renn gjennom byen og ut i Vänern.

Åmål fekk bystatus 1. April 1643 av dronning Kristina si formyndarregjering. Byen vart grunnlagd mellom anna for å ha eit utgangspunkt for å regulere og kontrollere handelen, særleg tømmerhandelen med Noreg, og stoppe smuglinga i området, utan at dette lukkast heilt. Nærleiken til byen til grensa til Danmark-Noreg gjorde han utsett for åta gjennom hundreåra. Første gongen var i 1645, då han vart nesten fullt øydelagd, og igjen i 1676 og 1679Duncan-Kriget»). Siste gongen var i 1788 då han vart okkupert av danske troppar i ein periode.

Han har vorte råka av bybrannar i 1777, 1809, 1846 og i 1901. Ved brannen i 1901 vart 1 000 menneske huslause og ca Ein tredjedel av byen vart øydelagd, særleg nord for Åmålån. Det som i dag er gamlebyen på den andre sida av elva, med torget til byen Plantaget, klarte seg og består av trehusbusetnad frå 1700-talet. Som følgje av den store brannen, bygde byen ein ny brannstasjon i 1902, men denne vart riven på slutten av 1970-talet. Etter brannen i 1901 vart byen bygd opp med breiare gater og større bygningar, hovudsakleg i jugendstil.

Byen arrangerer årleg ein større bluesfestival.

E45 passarar forbi byen, og denne ligg rundt 377 km frå Stockholm, 175 km frå Göteborg, 75 km frå Karlstad og 190 km frå Oslo. Byen har tog- og bussamband til Karlstad og Göteborg. Næraste flyplass er i Karlstad.

Filmen Fucking Åmål av Lukas Moodysson utspelar seg her (han vart eigentleg filma i Trollhättan), og viser det relativt kjedelege livet for ein gjeng ungdomar i ein «normal» svensk småby.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Åmål har sju venskapsbyar:

Flagget til Finland Loimaa, Finland
Flagget til Estland Türi, Estland
Flagget til Noreg Drøbak, Noreg
Flagget til Danmark Grenaa, Danmark
Flagget til Tyskland Gadebusch, Tyskland
Det amerikanske flagget De Pere, USA
Flagget til Bulgaria Kubrat, Bulgaria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]