Ívi Adámou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ívi Adámou (gresk Ήβη Αδάμου) (fødd 24. november 1993) er ei kypriotisk songarinne. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2012 med songen «La La Love».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ívi Adámou har gresk-kypriotisk far og bulgarsk mor, men er oppvaksen på austkysten av Kypros. Ho har drive med musikk sidan barndommen, men vart kjend då ho deltok i den greske versjonen av X Factor i 2009, der ho enda på sjetteplass.

Etter deltakinga fekk ho platekontrakt med Sony Music i Hellas. Ho platedebuterte med EP-en Kalokairi Stin Kardia i 2010, som inneheldt fleire singlar. Ho har òg sunge på ein singel saman med ei gresk hip-hop-gruppe, Stavento'. Singelen «San erthei i mera» vart enormt populær i Hellas i 2010. I november same året gav ho ut Christmas with Ívi Adámou.

Ho vart internt utvald av den kypriotiske nasjonalkringkastaren, RIK, til å representera Kypros i Eurovision Song Contest 2012. I januar 2012 sendte RIK fjernsynsprogrammet A Song for Ívi, der ho song tre låtar. Vinnarlåta vart «La La Love».

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«La La Love» vart framført i fyrste semifinalen, 22. mai 2012 i Baku. Songen gjekk vidare til finalen og enda på ein 16. plass.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]