Pasha Parfeny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pasha Parfeny i Eurovision Song Contest 2013

Pavel Parfeni (fødd 30. mai 1986), kjend som Pasha Parfeny, er ein moldovsk songar. Han representerte Moldova i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Lăutar».

Parfeny har spelt piano sidan han var sju år gamal. Han har også teke musikkutdanning innan song, og har erfaring som komponist.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Pasha Parfeny har vore eitt av medlemmene i gruppa SunStroke Project. Dei var med i den nasjonale uttakinga i Moldova i 2009, men enda då på tredjeplass med songen «No Crime». Same år forlét han gruppa.

I 2010 forsøkte SunStroke Project på nytt, saman med songaren Olia Tira, utan Parfeny. Songen deira, «Run Away» fekk representera Moldova i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum, men enda på ein delt 22. plass.

Parfeny forsøkte seg for fyrste gongen som soloartist i den nasjonale uttakinga i 2011, med songen «Dorule», og enda på tredjeplass. I 2012 vann han tevlinga med songen «Lăutar», og fekk dermed representera Moldova i Eurovision Song Contest 2012 i Baku.

Parfeny deltok i den fyrste semifinalen, og gjekk vidare til finalen. Her enda han på ellevteplass med 81 poeng.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]