Buranovskije Babusjki
| Buranovskije Babusjki | |
| Opphav | Udmurtia i Russland |
| Aktive år | 2010–i dag |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Granja Bajsarova (62 år) Alevtina Begisjeva (56 år) Zoja Dorodova (71 år) Galina Konjeva (73 år) Natalja Pugatsjova (76 år) Valentina Pjatsjenko (74 år) Jekaterina Sjkljajeva (74 år) Olga Tuktarjova (43 år) – kunstnarisk leiar Jelizaveta Zarbatova (86 år, reiser ikkje på turné) |
|
Buranovskije Babusjki - «Bestemødrene frå Buranovo» er ei russisk song- og dansegruppe frå Buranovo i Udmurtia. Gruppa representerer Russland i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Party for Everybody». Bestemødrene er udmurtar, og syng dei fleste songane sine på udmurtisk.
Tidlegare har gruppa sunge coverlåtar, m.a. Yesterday og Let It Be av The Beatles og Smoke on the Water av Deep Purple. Dei har også delteke i den russiske finalen av Eurovision tidlegare, i 2010. Den gongen deltok dei med songen «Dlinnaja-Dlinnaja Beresta I Kak Sdelat Iz Nee Aishon» - Svært lang bjørkenever, og korleis ein kan laga turban av han. Songen enda på tredjeplass.
Då «Party for Everybody» vann den russiske finalen i 2012, danka han m.a. ut eit bidrag av den tidlegare Eurovision-vinnaren Dima Bilan. Songen blir framført på både udmurtisk og engelsk. Gruppa har uttalt i 2012 at dei vil bruka pengane dei tener til å byggja ei kyrkje i Buranovo.
Eurovision Song Contest 2012 [endre]
Bestemødrene deltok i den fyrste semifinalen i Baku den 22. mai 2012, og gjekk vidare til finalen. Eigentleg er det åtte medlemmer i gruppa, men berre seks av dei får opptre på Eurovision-scena. I finalen enda bestemødrene på ein god andreplass med 259 poeng, berre slått av vinnaren Loreen med 372 poeng.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Buranovskiye Babushki» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2012.
- Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.
| Føregjengar Aleksej Vorobjov |
Russland i Eurovision Song Contest 2012 |
Etterfylgjar Førebels ingen |