Øresundtollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kronborg slott vart oppført for å vakte over innløpet til Austersjøen
Helsingør i 1588

Øresundstollen vart innført i 1427 eller 1429 (opplysningane varierer) av Erik av Pommern. Kvart og eit utanlandsk skip som passerte ei linje mellom Helsingør og Helsingborg måtte betale ei avgift. I seinare tid gjekk linja nærare bestemt mellom Kronborgs flaggbatteri og den nordlegaste delen av Helsingborg.

For å styrkja makta si over Øresund lét Erik byggje Malmøhus festning, grunnla kjøpstaden Landscrone (Landskrona) og gjorde København til hovudstad. Ved Helsingør lét han oppføre borga Ørekrog eller Krogen, forgjengeren til Kronborg, som saman med slottet i Helsingborg, Kernen (svensk Kärnan), overvaka tollen.

Det var ved Helsingør dei framande skipa måtte liggje og vente på å betale Øresundstoll. Det fekk ei enorm økonomisk tyding for byen og gjorde han kjent i heile Europa. Kanskje er det høvet til at William Shakespeare lét det mest berømte dramaet sitt, Hamlet, gå føre seg i Helsingør (Elsinore).

I 1567, medan Peder Oxe var rikshovmeister vart tollen endra til ei avgift på lasta, som tredobla inntektene. For å unngå at skipa berre segla utanom, vart det òg kravd toll ved Storebælt og Lillebælt.

Avgifta var heile tida ho eksisterte ein vesentleg del av inntekta til krona, og gjorde ho mindre avhengig av riksrådet og adelen. Han var likevel sterkt mislikt blant dei store sjøfarande nasjonane, og gav dei eit påskot til stadig innblanding i nordisk maktpolitikk. Den kontroversielle sundtollen var alltid med som ein faktor i årsakene til krigane og forløpet til dei, og dei standpunkta som stormaktene tok.

Sverige var unntatt Øresundstoll fram til 1720. I 1857 vart Øresundstollen oppheva etter internasjonalt press på ein handelskonferanse mot erstatning på 30,5 millionar danske spesidalar. Av dei nasjonane som forplikta seg til å betale erstatning, har Brasil enno ikkje betalt (kjelde:Kustode på Kronborg). Ved eit offisielt statsbesøk i Danmark av presidenten til Brasil Luiz Inácio Lula då Silva i september 2007 ettergav statsminister Anders Fogh Rasmussen gjelda deira.

Palle Lauring skriv i boka «Danmark i Skåne» om Øresundstollen: «Øresund, dejlige Øresund, strømmen fuld af sild, skibe, penge og blod. I fem hundrede år perset vi penge ud af alverdens skippere her. I bytte gav vi Skåne, Halland, Blekinge, Gotland og Øsel. Plus hvad vi gavmildt udleverede af norsk land. Hvor meget en så vil beregne de fem hundrede års toldindteægter til, var det en dårlig handel.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]