Øyvind Skaanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyvind Skaanes (fødd 29. mai 1968) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Trondheim som representerte Strindheim IL. I VM 1991 i Val di Fiemme vann han saman med Terje Langli, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie gull på 4 x 10 km stafett. Han vart noregsmeister på 50 km i 1990. I tillegg har han ein sølv- og ein bronsemedalje frå NM.

Skaanes debuterte i verdscupen i desember 1989 i US-Amerika med ein 13. plass. Hans beste individuelle resultat i verdscupen er to sjetteplassar. Fyrste gongen på 15 km i Trondheim i mars 1990, siste gongen på 30 km i Oberstdorf i desember 1996 (der det var sju norske løparar mellom dei åtte fremste på resultatlista).

Skaanes gjekk mange gode renn allereie i junioralderen. Sitt store gjennombrot fekk han i 1990-sesongen, då han vann sitt einaste noregsmeisterskap som senior. På NM-femmila på Gjøvik slo han sølvmedaljevinnaren Tor Håkon Holte med over tre minuttar. Året gjekk han sitt livs løp då han gjekk fyrsteetappen på Noregs lag på 4x10 km stafett. Han rykte frå konkurrentane allereie tidleg på etappen og hav Noreg eit stort forsprang. I realiteten avgjorde han tevlinga. Dei neste fire sesongane var han langt unna internasjonalt nivå, og vart heller ikkje sidan så god som han hadde vore i 1990 og -91.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 6 på 15 km i Trondheim
  • 1991: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen, nr 15 på 30 km i VM i Val di Fiemme
  • 1992: Nr 34 på 15 km i Lahti
  • 1993: Nr 18 på 15 km i Ulrichen
  • 1994: Nr 38 på 50 km i Holmenkollen
  • 1995: Nr 50 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996: Nr 20 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996/7: Nr 6 på 30 km i Oberstdorf
  • 1997/8: Nr 10 på 10 km på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Nr 9 på 15 km på Geilo
  • 1990: Gullmedalje på 50 km på Gjøvik
  • 1991: Bronsemedalje på 15 km i Misvær
  • 1992: Nr 6 på jaktstarten i Trondheim
  • 1993: Nr 11 på 10 km på Lillehammer
  • 1994: Nr 8 på 30 km i Vegårshei
  • 1995: -
  • 1996: Nr 10 på 50 km i Stryn
  • 1997: Sølvmedalje på 10 km i Mo i Rana
  • 1998: -
  • 1999: Nr 9 på 10 km i Skrautvål

Skaanes la opp etter 1999-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]