Acridotheres
| Acridotheres | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Sturnidae | |
| Slekt: | Acridotheres | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Acridotheres | ||
Acridotheres er ei biologisk slekt av starar, artar som på engelsk er kalla typiske 'mynas', og er tropiske familiemedlemmer av Sturnidae. Denne slekta har representantar i tropisk Sør-Asia frå Iran aust til Sør-Kina og Indonesia. To artar har blitt innførte breitt andre stader. Hyrdestare har vorte introdusert til Sør-Afrika, Israel, Hawaii, Nord-Amerika, Australia og New Zealand, og krøllstare til Vancouver-regionen i British Columbia.
Acridotheres-artar er generelt mørke eller lite iaugefallande fuglar med fløytetona rop som dei fleste andre starar; kjønna er like. Dei rører seg bortetter ved å gå heller enn å hoppe, og som andre starar har dei tilpassingar i skalle og muskulatur, som gjer fuglane i stand til å søkje med opne nebb. Acridotheres liknar Gracula-starar, som har store kvite eller gulbrune vengeflekker som er synlege i flukt, og nokre òg har nakne område på hovudet, men skil seg ved at berre fjørene på hovudet har glans, og undersida av kroppen har tendens til å vere bleikare. Dei nakne flekkene på hovudet er ulike i form og plassering. Acridotheres-starar er òg mykje meir bakkelevande enn Gracula.
Dei har oppvisinga med bukking under kurtise, noko Gracula manglar. Dei legg einsfarga lyseblå egg.
Fleire artar har fjørtoppar i panna som blir dekte med pollen når fuglane tar nektar frå blomar, det kan spele ei rolle i pollinering.
Som dei fleste staren, er Acridotheres-artane ganske altetande, og tar frukt, nektar og insekt.
[endre] Artslista
Acridotheres-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Engstare, Acridotheres grandis, Great Myna
- Krøllstare, Acridotheres cristatellus, Crested Myna
- Javastare, Acridotheres javanicus, Javan Myna
- Grasstare, Acridotheres cinereus, Pale-bellied Myna
- Krattstare, Acridotheres fuscus, Jungle Myna
- Kragestare, Acridotheres albocinctus, Collared Myna
- Landsbystare, Acridotheres ginginianus, Bank Myna
- Hyrdestare, Acridotheres tristis, Common Myna
- Vinstare, Acridotheres burmannicus, Vinous-breasted Starling
- Svartvengstare, Acridotheres melanopterus, Black-winged Starling
[endre] Kjelder
- Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Acridotheres» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar:
-
- Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X
- Grimmett, Richard; Inskipp, Carol, Inskipp, Tim & Byers, Clive (1999): Birds of India, Pakistan, Nepal, Bangladesh, Bhutan, Sri Lanka, and the Maldives. Princeton University Press, Princeton, N.J.. ISBN 0-691-04910-6
- Jønsson, Knud A. & Fjeldså, Jon (2006): A phylogenetic supertree of oscine passerine birds (Aves: Passeri). Zoologica Scripta 35(2): 149–186. doi::10.1111/j.1463-6409.2006.00221.x (HTML abstract)
- Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007 (HTML abstract)
[endre] Fotnotar
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 25. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)