Agathe Backer-Grøndahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agathe Backer-Grøndahl

Agathe Backer-Grøndahl (1. desember 18474. juni 1907) var ein norsk pianist og komponist av romantisk og nasjonalromantisk musikk. Ho var den første viktige kvinnelege norske komponisten, og er i dag særleg kjend for songen «Mot kveld».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Agathe Backer var fødd i Holmestrand, men flytta ti år seinare til Oslo saman med familien. Der lærte ho pianospel og komposisjon hjå Otto Winther-Hjelm, Halfdan Kjerulf og musikkteori hjå Ludvig Mathias Lindeman. I 1865 reiste ho til Berlin for å studera ved Theodor Kullaks musikkakademi. Seinare studerte Backer under Hans von Bülow i Firenze, og under Franz Liszt i Weimar i 1873.

Agather Backer blei gift med Olaus Andreas Grøndahl, ein framståande kordirigent, i 1875. Dei fekk sonen Fridtjof Backer-Grøndahl.

Pianisten[endre | endre wikiteksten]

Agather Backer-Grøndal var ein pianist av verdsformat og gav konsertar i fleire europeiske land. Då ho studerte i Berlin gjorde ho lykke med Ludwig van Beethovens 5. pianokonsert. Ho spelte ofte verk av Edvard Grieg, og var tre gonger solist i Griegs a-moll-konsert med komponisten sjølv som dirigent. Backer-Grøndahl var også ein nær venn av Edvard Grieg.

Komponisten[endre | endre wikiteksten]

Agathe Backer-Grøndahl skreiv helst klaverstykke og romansar. Ho fullførte i alt 70 verk, og var ein framtredande skikkelse i norsk musikkliv. Mot slutten av livet vart Backer-Grøndahl heilt døv, og måtte gjeva opp musikarlivet.

Agathe Backer-Grøndahl døydde 59 år gamal i Kristiania den 4. juni 1907.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Romansar og andre stykke for piano
  • Trois morceaux (for piano)
  • Sange ved havet (til tekstar av Holger Drachmann)
  • Fantasistykker
  • Norske folkeviser og folkedanser (for piano)
  • Etyder (for piano)
    Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.