Albert Ayler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roy Cambell jr. resiterer Ayler-diktet Music is the Healing Power of the Universe. Prosjektet A Tribute to Albert Ayler dagen etter valet på Barack Obama til president i USA

Albert Ayler (fødd 13. juli 1936 i Cleveland Heights, Ohio, død 5. november 1970 i New York) var ein amerikansk jazzsaxofonist, songar og komponist, og ein av pionerane innan frijazzen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ayler stamma frå ein musikarfamilie – trompetisten Don Ayler var bror hans – og fekk kjennskap til jazz frå ung aler. Sju år gammal lærte han altsaksofon og spelte tidleg i bandet til faren Edward. Utdanning fekk han på Cleveland Academy of Music. Frå 1952 til 1960 reiste han med blues- og rhythm and blues-bands – som Little Walter og Lloyd Price – gjennom USA. Under militærtenesta jamma han med Stanley Turrentine, og allereie nå med Lewis Worrell og Beaver Harris som han seinare samarbeidde med. Han skifta òg over til tenorsaksofon på denne tida. I 1960-1961 spelte han på jazzklubbar i Paris og i 1962 var han aktiv som underhaldningsmusikar i Skandinavia og spelte med Dexter Gordon, Don Byas og Don Cherry og til slutt med gruppa til Cecil TaylorJazzhus Montmartre i København. Dei første plateinnspelingane til Ayler gjekk føre seg i Danmark.[1]

I 1964 reiste Ayle på europaturné med Cherry, Gary Peacock og Sunny Murray og i samband med denne spelte dei inn det første albumet i New York.[2] Ayler gav i 1964 ut sitt viktigaste album Spiritual Unity[3] med triobesetninga som òg inneheldt Sunny Murray og Gary Peacock. Don Cherry kom til og i 1965 danna Ayler ein kvintett der òg broren Don blei med. Ayler spelte no inn musikk til ei rekke album for avantgardelabelen ESP-Disk. Besetninga varierte, til dømes var musikarar som Charles Tyler, cellisten Joel Freedman og bassisten Henry Grimes med. Med ein utvida besetning, som med to bassistar, opptredde han i Greenwich Village i New York frå 1965 til 1967.[4]

Elles spelte Ayler, Don Cherry, John Tchicai, Roswell Rudd, Gary Peacock og Sunny Murray inn New York Eye and Ear Control som blir rekna som det første albumet med «Free Form» improvisasjonar. I 1966 samarbeidde han med bassisten Bill Folwell og slagverkaren Beaver Harris på Newport Jazz Festival.

Etter oppmoding av Bob Thiele nærma Ayler i dei seinare innspelingane sine (1968, 1969) meir kommersielle musikkformer, da spesielt rhytm and bluesen frå dei første åra, «rett nok utan å gi opp noko vesentleg som solist».[5] Til dømes trekte han inn Canned-Heat-gitaristen Henry Vestine, lèt andre blåsarar spele enkle riff og tok i bruk uvanlege klangfargar ved hjelp av spinett, sekkepipe og jodling.

I 1970 fekk Ayler nesten ikkje noko å gjere i USA. I juni 1970 reiste han til Europa for å spele i Frankrike.[6] Han kan ha spelt ein siste gong i New York (i august), men dette er ikkje sikkert. Tidleg i november 1970 forsvann Albert Ayler brått og 25. november 1970 blei han funne drukna i East River ved New York. Rykta svirra, til dømes om at han blei avretta på grunn av nakotikagjeld trass i at folk som stod han nær fortalde at han ikkje tok harde stoff, men berre røyka marihuana no og da.[7] I følgje livsledagaren, Mary Parks, var han suicidal: han kasta saksofonen sin i tv'en, forlèt bustaden, tok ferja til Fridomsstatua og hoppa i elva rett før dei klappa til kai.ref>Mary Parks til den engelske diskografen Mike Hames (1983). Parks meinte motiva var konfliktar med mora om broren Donald som han var reist til New York saman med, men som han ikkje lengre ville ha i bandet sitt og som hadde problem med å finne seg til rette i New York.</ref>

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Sounden til Ayler var ny; full av multifone klangar, overtoner og modifiserte Rhythm and Blues-teknikkar og New Orleans Jazz-spelemåtar. Liksom andre eksperimentelle musikarar opna han dermed nye klangverder; i intervjuar betona han ofte den sentrale betydninga folkesongar og marsjmusikk hadde hatt for den kunstnarlege utviklinga og komposisjonane hans,[8] til dømes «Bells», «Ghosts», «Spirits», «Holy, Holy», «Witches and Devils», «Holy Spirit», «Mothers», «Vibrations» og «The Truth Comes Marching In». Komposisjonane sine tema kling «i si rytmiske enkelheit og med det diatoniske materialet som brotstykke av euro-amerikansk trivialmusikk.»[9] Soliane til Ayler står derimot «i diametral motsetnad til dei betont trivielle tema.» Slik oppstod det «ville, intensive improvisasjonar som stod i skarp kontrast til den folkloristiske naiviteten i temaene».[10]

Martin Kunzler siterte den engelske jazzmusikaren Ronnie Scott som i Melody Maker vitna om rådløysa som mange kolleger og samtidige viste: «Etter den målestokken eg kjenner er ikkje dette jazz.» Ingen innan figur innan frijazzen var så omstridd som Albert Ayler, som spelte slik ein «salmeliknande, forkynnande musikk som trass i at han tok i bruk fleire tradisjonelle element verka å vere så langt unna tradisjon som det går an å komme».[11]

Joachim-Ernst Berendt skriv om stilen til Albert Ayler: «Mottoet hans var alltid: We Play Peace. Dei fri tenorutbrudda til Ayler var forankra på ein særmerkt måte: ved at han greip tilbake til marsj- og sirkusmusikk frå århundreskiftet, til folkedansar, vals og polka, men òg på dirges, sørgemusikken frå funeral-prosesjonane i det gamle New Orleans.» Berendt la vekt på kor nær Ayler kom det folkemusikalske ubundne field cry og den arkaiske Folk Blues.[12] Jazzskribenten Arrigo Pollilo Ytra seg meir kritisk; stilt overfor «opprivne ekko» av ulike folk-element konstaterte han: «Men her manglar gleda heilt og fullt. Ho verkar forfalska i form av ein illusjon som syner ein mekanisk ballett som blir reflektert i eit uhyggeleg forvrengt spegelbilete.»[13] Men etter Andre Asriel sitt utsagn handlar det om «imponerande stykke der Ayler, som gjentekne gonger uttrykte sin lengt etter ei trygg og fredeleg verd, gestalta at stilt overfor dei rå realitetane i livet var ei slik verd umogleg» for afroamerikanarane i USA.[10]

David Murray laga sine første album (t.d. Flowers for Albert) under inntrykk av Ayler sine «eruptive klangstraumar»[14] Ian Carr skriv i Jazz Rough Guide at utalige musikarar følgjer opp Ayler sin «spirit».

Sitat[endre | endre wikiteksten]

«Eg likar å spele noko folk kan nynne med på. Eg spelar gjerne songar eg sang mens eg var ganske liten, folkesongar som alle menneske forstår.»
— Albert Ayler[15]
«Jazz er Jim Crow. Det høyrer til ein annan æra, ei anna tid, ein annan stad. Vi spelar "free music".»
— Albert Ayler[16][17]
«Han er atomalderen, dagens eksplosjonslyd.»
LeRoi Jones[18]
«Ayler [...] var på mange måtar nærare den gamle klangen til Bubber Miley og Tricky Sam Nanton enn til Charlie Parker, Miles Davis eller Sonny Rollins. Med han kom den gamle, primitive følelsen tilbake, den jazzen forlot i dei seine trettiåra [...] Teknikken hans kjente ingen grenser, toneskalaen hans gjekk frå den djupaste romling til dei mest skjærande toner i det aller høgaste registeret - og utan likemenn [...]»
Richard Williams[19]

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • The First Recordings II (Sonet/DIW, 1962)
  • Bells/Prophecy (ESP-Disk, 1964/1965) med Don Ayler, Charles Tyler, Lewis Worrell, Gary Peacock, Sunny Murray
  • Spiritual Unity (ESP-Disk, 1964) med Gary Peacock, Sunny Murray
  • Spirits Rejoice (ESP-Disk, 1965)
  • New York Eye and Ear Control (ESP-Disk, 1965) med Don Cherry, Roswell Rudd, John Tchicai, Gary Peacock, Sunny Murray
  • Lörrach/Paris (HatArt, 1966) med Don Ayler
  • Live in Greenwich Village/The Complete Recordings (Impulse! Records, 1965-67)
  • Music Is the Healing Force of the Universe (Impulse, 1969)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei seinare opptaka som blei publisert som First Recordings blei produsert i Stockholm av den svenske saksofonisten Bengt Nordstrom og kom først ut på Nordstrom sin eigen Bird Notes-labelen, seinare på danske Sonet. Ein meir utførleg dokumentasjon om denne tidlege skaparperioden, opptak og radiosessions frå januar 1963 i Danmark blei gitt ut under tittelen My Name is Albert Ayler på den danske avleggaren av Debut-labelen, som var grunnlagt av Charles Mingus og Max Roach.
  2. Albumet blei spelt inn i april 1964 og fekk tittelen Witches and Devils. Det kom ut på platemerket Freedom. Andre medverkande enn Henry Grimes og Sunny Murray var bassisten Earl Henderson og trompetisten Noel Howard. Cook og Morton reknar dette som det eigentlege debutalbumet til Ayler.
  3. Richard Cook og Brian Morton beløna dette albumet med deira høgste vurdering, fire stjerner (plus krone): «(...) is one of the essential recordings of the new jazz and should be in every serious collection.»
  4. Cook og Morton gav innspelingane av desse konsertane fire stjerne og skreiv at dei var de viktigaste opptaka innan etterkirgsjazzen; etter deira meining var dette dei beste opptaka som finst av Ayler på altsaksofon («For John Coltrane») og på tenorsaksofon, som den apokalyptiske «Truth is Marching In». Dei framhevar òg rolla til broren Don Ayler, som alltid stod i skuggen av Albert og som her gjorde sine beste opptrednar. Andre medverkande musikarar på desse konsertane var Henry Grimes, George Steele, Michael Sampson, Joel Freedman, William Folwell, Alan Silva, Beaver Harris og Sunny Murray.
  5. ifølgje vurderinga til M. Kunzler
  6. Med Ayler var pianisten Call Cobbs, bassisten Steve Tintweiss, slagverkaren Allen Blairman og livsledagaren, songaren Mary Maria Parks. Opptak frå konsertane blei gitt ut under tittelen Nuits de la Foundation Maeght og kvaliteten på dei blir av nokre, til dømes Jeffrey Schwartz, beskrive som «spektakulær».
  7. Martin Drexler, Artikkel i serien Jazz in Cleveland
  8. sitert etter Kunzler, s. 58
  9. Andre Asriel Jazz. Aspekte und Analysen Berlin (DDR) 1984, s. 352
  10. 10,0 10,1 Asriel, s. 215
  11. vgl. Kunzler, s. 58
  12. jamfør Berendt/Huesmann, s. 46.
  13. jamfør Polillo, s. 239
  14. sitert etter Berendt/Huismann, s. 188
  15. sitert etter Ekkehard Jost, s. 170
  16. “Jazz is Jim Crow. It belongs to another era, another time, another place. We’re playing free music.
  17. sitert etter Arrigo Polillo, s. 230. Sjå òg Moodymen
  18. sitert etter Martin Kunzler, s. 58
  19. sitert etter Joachim-Ernst Berendt, s. 327

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]