Aley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aley
عاليه
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Høgd 900 moh.
Koordinatar 33°48′29″N 35°36′45″E / 33.80806°N 35.61250°E / 33.80806; 35.61250
Folketal 65 000
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Aley
33°48′19″N 35°36′00″E / 33.805277777778°N 35.6°E / 33.805277777778; 35.6
Wikimedia Commons: Aley

Aley er ein by i Libanonfjella som ligg kring 17 km frå Beirut. Han er administrasjonssenter i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement. Ordet «aley» kjem frå arameisk og tyder «høg stad», og syner til høgda byen ligg over havet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Aley kan hevda å vere den største drusiske byen i verda. Av dei kring 65 000 innbyggjarar, er dei fleste drusarar, men her er òg kristne melkittar, ortodokse og maronittar. Mange utlendingar, særleg frå arabarlanda kring Persiabukta, har feriehus i Aley, der dei kjem seg unna den verste varmen i sitt eige land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aley voks då jernbanen kom fram hit mellom 1892 og 1895. Jernbanen gjekk mellom den libanesiske hovudstaden Beirut og den syriske hovudstaden Damaskus. Dette gjorde Aley til ein populær stad om sommaren på grunn av det behagelege klimaet.[1][2] Byen var ei stund sommarresidensen til dei osmanske guvernørane i Libanonfjella. Det var tidelgare eit jødisk samfunn i byen. I 2001 byrja Aley kommune å renovere sentrumsområdet, særleg den historiske marknaden (souk) og byen vart raskt ein viktig turiststad.[3]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Aley er ein viktig turiststad i Libanon og Midtausten. Plasseringa og klimaet tiltrekkjer mange turstiar, særleg rike arabarar frå landa kring Persiabukta. Souk Aley er ein relativ lang bulevard med palmetre. Her finst mange steinhus med raude tak på austsida av gata, medan gatekafear, utandørsrestaurantar og pubar ligg på vestsida. I tillegg finst her mange antikvitetsbutikkar og detaljbutikkar, som dannar hjartet i Aley. Aley har òg eit velkjent kasino.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aley Libanon, arkivert frå originalen 3. februar 2020, henta 20. august 2014 
  2. Aley-Ads
  3. Projects, arkivert frå originalen 7. juni 2007, henta 20. august 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]