Altnaharra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Altnaharra

skotsk-gælisk Allt na h-Eirbhe
Altnaharra kyrkje
Altnaharra kyrkje
Plassering
Altnaharra is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Sutherland
Geografi
Koordinatar 58°17′″N 4°27′″WKoordinatar: 58°17′″N 4°27′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV27
Telefon-retningsnummer 0 1549
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Altnaharra

Altnaharra er ein landsby i Sutherland i regionen Highland i Skottland. Grenda ligg ved vegen A836, rett ved sambandet med B873. Dei næraste landsbyane er Lairg og Tongue. Dei innsjøane (lochs) som er i området er blant anna Loch Naver og Loch Eriboll.

Namnet Altnaharra er avleidd frå skotsk-gælisk Allt-na-h-Aire i tydinga «sjå-på-straumen», og har namnet sitt etter elva som renn gjennom grenda.

Altnaharra er kjent for Altnaharra Hotel som vart opna i 1820 og vart raskt ein populært stad for engelskmenn som vitja dei nærliggande innsjøane. I dag er hotellet òg ein populær stad for fjellklatrere: Ben Hope og Ben Klibreck er dei to fjella som ligg nærast.

Noko anna som har gjort staden kjent er den meteorologiske vêrstasjonen. Den nordlege breiddegraden og innlandsplassering gjer at han ofte vert nemnd i dei daglege vêrmeldingane for ekstremt vêr i Storbritannia. Den 30. desember 1995 vart den lågaste temperaturen for i Storbritannia registrert her: -27.2 ºC. Han deler denne rekorden med to målingar ved Braemar i Grampian Mountains den 11. februar 1895 og 10. januar 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]