Anatolij Bondartsjuk
Anatolij Pavlovitsj Bondartsjuk (russisk Анатолий Павлович Бондарчук, ukrainsk Анатолій Павлович Бондарчук) (fødd 31. mai 1941) er ein sovjetisk/ukrainsk, tidlegare sleggekastar frå Starokostjantyniv i Ukraina. Han vart europmeister i sleggekast i 1969 og olympiameister i 1972.
Aktiv [endre]
Bondartsjuks første store internasjonale triumf kom under EM 1969, der han sette ny verdsrekord med eit kast på 74,68 m. To år seinare kom han på bronseplass i EM i Helsinki, knappe meteren bakom europameisteren Uwe Beyer frå Vest-Tyskland. Året etter sette ny olympisk rekord med 75,50 m og vann sleggeøvinga under sommar-OL i München. Under EM i friidrett 1974 rauk han ut då han ikkje klarte å kaste over kvalifiseringsgrensa på 68,00 m. Han kom sterkare tilbake under OL 1976 i Montreal, der han vann bronsemedaljen bakom landsmennene Jurij Sedykh og Aleksej Spiridonov.
Meisterskapsmedaljar [endre]
- EM 1969 i Athen: Gullmedalje med 74,68 m framom Romuald Klim (72,74 m)
- EM 1971 i Helsinki: Bronsemedalje (71,40 m)
- OL 1972 i München: Gullmedalje med 75,50 m framom Jochen Sachse frå DDR (74,96 m)
- EM 1974 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (66,62 m)
- OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje (75,48 m)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Anatolij Bondartsjuk» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2012.