Gyula Zsivótzky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gyula Zsivótzky (25. februar 193729. september 2007) var ein ungarsk sleggjekastar frå Budapest. Han vart europameister i øvinga i 1962 og olympiameister under OL 1968 i Mexico by, og tok til saman seks medljar i ulike olympiske leikar og europameisterskap.

Sonen Attila Zsivóczky var ein framifrå tikjempar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zsivótzky slo gjennom under EM 1958 i Stockholm, der han tok bronsemedaljen. To år seinare fekk han OL-sølv bak Vassilij Rudenkov frå Sovjetunionen. Han tok endå eit steg opp pallen i den neste meisterskapen, EM 1962 i Beograd. Her vart han suveren europameister med eit lengstekast på 69,64 m, nestemann i tevlinga oppnådde 66,93 m. Eit nytt OL-sølv vart det i Tokyo i 1964, med 69,09 m som sluttresultat var han 65 cm bak olympiameisteren Romuald Klim frå Sovjetunionen, og nøyaktig meteren framom Uwe Beyer frå Vest-Tyskland. Dei same tre tok medaljane også under EM 1966, og i same rekkefylgja.

Zsivótzky forbetra Hal Connolly sin verdsrekord i sleggjekast med nesten 2,5 m under eit stemne i Debrecen 4. september 1965. Verdsrekorden på 73,74 m vart ståande i nokså nøyaktig tre år, til Zsivótzky sjølv forbetra han to centimeter heime i Budapest i september 1968, få veker føre sommar-OL.

Zsivótzky vann OL-gullet under sommar-OL 1968 i Mexico, etter ei framtfrå, tett tevling med Romuald Klim. I fyrste omgang kasta Klim 72,24 m, men Zsivótzky tok så leiinga med to centimeter. Zsivótzky forbetra seg til 72,46 m i andre omgang, før Klim tok over leiinga i tredje omgang med 72,84 m, Zsivótzky auka då til 72,54 m men vart verande på sølvplassen. I fjerde omgang forbetra leiinga til 73,28 m, før Zsivótzky avgjorde gullkampen med eit kast på 73,36 m i femte omgang. Zsivótzky sin landsmann, Lázár Lovász, fekk bronse med 69,78 m som best.

Zsivótzky deltok internasjonalt i fire nye år etter OL 1968. Under EM i friidrett 1969 kom han på fjerdplass, var likevel langt unna medaljeplassering. Han hadde det lengste kastet i kvalifiseringa til finalen i EM 1971 med 71,58 m, men mislukkast heilt i finalen og vart nummer elleve. Så seint som i sin siste sesong på toppnivå kasta han slegga over 73 m (73,06 m). Etter femteplassen i sommar-OL 1972 gav han seg på toppnivå.

Medaljar og plasseringar under internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, ulike årgangar.