EM i friidrett 1946

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i friidrett 1946 vart avvikla i Oslo i tida 23.25. august. Meisterskapen vart avvikla på Bislett stadion. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og ni øvingar for kvinner.

Godtfred Holmvang frå Noreg vann tikampen og vart den einaste heimlege europameisteren. Haakon Tranberg fekk to sølvmedaljar; 100 meter og 200 meter. Høgdehopparen Birger Leirud, stavhopparen Erling Kaas, tresteghopparen Eugen Haugland, spjutkastaren Odd Mæhlum og 200-meterløparen Marit Hemstad kom alle på fjerdeplass i sine øvingar. Også kappgjengaren Oddvar Sponberg vart nummer fire på 50 km-øvinga, medan kollegaen Egl Romberg-Andersen vart nummer fem på 10 km, det same vart diskoskastaren Stein Johnson.


Medaljeoversyn
Plass Land Gull Sølv Bronse Til saman
1 Sverige 11 5 6 22
2 Mal:URS-1923 6 7 4 17
3 Flag of Finland.svg 4 3 5 12
4 Frankrike 3 4 4 11
5 Nederland 3 2 1 6
6 Storbritannia 2 5 3 10
7 Noreg 1 2 3
8 Danmark 1 1 2 4
Italia 1 1 2 4
10 Island sitt flagg 1 1
11 Sveits 2 2
12 Belgia 1 1
13 Tsjekkoslovakia 4 4
14 Flag of Poland.svg 1 1
Mal:HUN-1946 1 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]