Attersee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Attersee
Attersee - Utsyn frå fjellet Hochlecken
Utsyn frå fjellet Hochlecken
Stad Salzkammergut i Austerrike
Koordinatar 47°54′N 13°33′E
Tilsig Seeache
Utsig Ager
Største lengde 20 km
Største breidde 4 km
Overflateareal 45,9 km²
Største djupne 171 m
Høgd over havet 467 m
Busetnadar Seewalchen, Schörfling, Weyregg,
Steinbach, Unterach, Nußdorf,
Attersee
Attersee med Höllengebirge

Attersee (òg kalla Kammersee) er den største innsjøen i Salzkammergut-området i Austerrike. Han strekkjer seg om lag 20 km frå nord til sør og 4 km frå aust til vest. Tilsiget er frå elva Seeache, som renn ut av ein annan innsjø, Mondsee. Höllengebirge (som ordrett tyder «Helvetesfjellet»), med ei høgd på opp til 1 800 m, ligg søraust for innsjøen. Sørvest for innsjøen ligg fjellet Schafberg («Sauefjellet», 1 782 m).

Ved Litzlberg ligg det ei lita øya med ein herregard, som den austerrikske målaren Gustav Klimt ofte vitja om sommaren.

På grunn av jamn vind og reint vatn trekkjer Attersee til seg mange seglarar og symjarar. Om sommaren er det fleire seglekonkurransar her.

Ein av vindane ein set mest pris på ved Attersee er den såkalla «Rosenwind» (vinden frå rosene). Det er ein austleg vind som bles over ein rosehage til eit slott i nærleiken og fyller lufta med lukta av roser.

Sidan innsjøen er stor og djup frys han sjeldan til om vinteren, trass i låge temperaturar. Sist gong innsjøen var tilfrosen var seint på 1940-talet.

Ein finn følgjande fiskar i innsjøen:

Soge[endre | endre wikiteksten]

I august 1870 fann ein restane etter pålelandsbyar ved Seewalchen, nær den nordlege enden av innsjøen. På midten av 1800-talet brukte ein hjuldamparar til å frakte post, gods og passasjerar mellom dei landsbyane ved innsjøen. I dag er området ein viktig avkoplingsstad for folk frå urbane område som Wien og Linz

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]