Aucklandskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aucklandskarv

Status i verda: VU Sårbar

Foto frå Enderby Island, januar 2006Foto: M. Murphy
Foto frå Enderby Island, januar 2006
Foto: M. Murphy

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. colensoi
Vitskapleg namn
Phalacrocorax colensoi
Buller, 1888

Aucklandskarv (Phalacrocorax colensoi) er ein kystbunden sjøfugl i skarvefamilien. Han er endemisk til Aucklandøyane, sør for New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor skarveart, ca. 63 centimeter med kroppssvekt på rundt 2 kilogram. Fjørdrakta er i svart og kvitt. Strupen og heile undersida til undergump er kvit, vengene har kvite flekker som formar seg til eit band når vengene er folda saman. Eit felt av bar hud rett under nebbrota er i blågrått og får raud farge i hekketida. Beina er bleikraude, og augeringen er blå.

Aucklandskarven hekkar på Aucklandøyane og kan elles treffast berre i kystområdet ved Aucklandøyane og i havet utanfor øyane. Han er mest vanleg ved sørlege og austlege sider av øygruppa. Fuglane kan opptre i flokkar, både under beiting og kvile.

Dietten består mellom anna av småfisk og marine virvellause dyr.

Reira er bygd av tang, guano, gras torv og kvister. Reirplassen ligg ofte under overheng av fjell eller under tre. Kullet er på 3 egg og egga blir lagt med intervall på 2, 3 eller 4 dagar. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar. Hekketida er frå november til februar.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til ca. 4 500 individ (2012), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aucklandskarv