Augestikkarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Augestikkarar


Sympetrum vulgatum
Sørleg haustlibelle

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Infraklasse: Palaeoptera
Orden: Odonata
Vitskapleg namn
Odonata

Augestikkarar eller augnestingarar (Odonata) er ei gruppe flygande rovinsekt som finst i samband med ferskvassystem over heile verda. Det er beskrive 5000 nolevande artar i tillegg til ei lang fossilrekkje som går attende til karbontida. 45 artar er registrerte i Noreg.

Me reknar med to viktige undergrupper av augestikkarane; libellar og vassnymfer. Desse skil seg frå kvarandre ut frå korleis dei ber vengjene når dei sit.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vaksne augestikkarar har store fasettaugo og lange, trådforma antenner. Munndelane har kraftige mandiblar og er av tyggje-typen. Labium (underleppa) er modifisert til eit klyngjeorgan som grip tak i maten.

Vengjene til augestikkarane er avlange og fest direkte til vengjemuskulaturen. Det er alltid fire av dei, og samspelet mellom dei hjelpar dyret å manøvrera. Den spesielle oppbygnaden deira gjer at dei mellom anna kan stå stille i lufta.

Bakkroppen til ein augestikkar er tynn og avlang, og består av ti segment. Hannen har kjønnsdelar på andre og tredje sternitt. Hjå dei vasslevande nymfane sit det traké-gjeller på dei siste kroppssegmenta eller i rektum.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Augestikkarar er, både som nymfer og som vaksne, aggressive rovdyr. I nymfestadiet et dei ymse botnlevande virvellause dyr, i særskilde høve òg fiskeyngel og rumpetroll, medan dei vaksne fangar flygande insekt i lufta. Dei er såleis særs nyttige dyr sett frå ein menneskeleg ståstad; sidan dei et så store tal på skadedyr (til dømes mygg).

Hannane hevdar revir. Paring skjer i lufta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]