Beitar Illit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beitar Illit is located in Vestbreidda
Plasseringa til Beitar Illit på Vestbreidda

Beitar Illit (hebraisk ביתר עילית, arabisk بيتار عيليت‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1985. Folketalet er 38 800.(2007) Modi'in Illit er den nest største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Busetjinga ligg 10 kilometer sør for Jerusalem, nær grensa mellom Israel og Vestbreidda.

Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Beitar Illit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda. Busettarane i Beitar Illit er hovudsakleg såkalla ultra-ortodokse jødar, haredim. Fødselsraten er svært høg, og berre 37 % av innbyggjarane er over 18 år.[1] Busetjinga i Beitar Illit vert stadig utvida. Staden kom i søkjelyset då israelske styresmakter tillet ytterlegare bustadbygging der i mars 2010 medan den amerikanske visepresidenten Joe Biden var i Israel, noko som vart sett som ei audmjuking av Biden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "A struggle in Beitar is a struggle for Jerusalem" frå Haaretz.com, 21. oktober 2007, på engelsk
  2. "Biden sees 'moment of opportunity' for Mid-East peace"BBC, 9. mars 2010, på engelsk