Sa'ir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sa'ir
سعير, Sa'eer, Saiour
kommune
Namneopphav: Liten
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°35′04″N 35°08′43″E / 31.58444°N 35.14528°E / 31.58444; 35.14528
Areal 117,0 km²
Folketal 18 045  (2007)
Folketettleik 154 / km²
Borgarmeister Hakim Shlalda
Kart
Sa'ir
31°35′04″N 35°08′43″E / 31.584444444444°N 35.145277777778°E / 31.584444444444; 35.145277777778

Sa'ir (arabisk سعير, òg skrive Saeer)[1] er ein palestinsk by i Hebron guvernement sør på Vestbreidda, 8 km nordaust for Hebron. I nærleiken ligg Beit Fajjar og al-Arroub i nord, Beit Ummar i nordvest, Halhul i vest og Beit Einun og ash-Shuyukh i sør. Daudehavet ligg like aust for kommunegrensa til Sa'ir.[2] I 2007 hadde byen i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på over 18 045.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Romarriket vart byen kalla Sior, som kjem frå det arameiske ordet sar eller «høgd»[2] Det er gjort funn av bysantinsk keramikk.[4] Palestine Exploration Fund skreiv i Survey of Western Palestine (SWP) at: «Grava til El 'Ais (Esau), sør for landsbyen, ere it kammer som er 37x20 fot, med ein Mihrab på sørveggen. Det er hengd opp eit strutse-egg i nærleiken. Det ligg òg gravholer sørvest for denne staden.»[5]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod Sa'ir oppført i osmanske skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds Liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad på 72 hushaldningar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.[6]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 400 innbyggjarar.[7] SWP skildra Sa'ir i 1883 som «ein mellomstor landsby, i ein dal omgjeve av oppdyrka mark.» Dei lokal muslimane meinte at ein maqam («grava til ein heilag person») i Sa'ir var grava til Esau, som dei kalla «Aisa.» SWP meinte at dette var feil og at grava til Esau var på det bibelske fjellet Seir.[8][9][10]

Det britiske mandatet era[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sa'ir eit folketal på 1 477, alle muslimar.[11] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Si'ir 1 967, framleis berre muslimar, i 388 busette hus.[12] I 1945 var folketalet i Si'ir 2 710, alle arabarar, som eigde 92 423 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 2 483 mål var plantasjar og irrigert land, 10 671 for korn,[14] medan 76 mål var utbygd (urbant) land.[15]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, Sa'ir under Jordan sitt styre.

Etter Osloavtalen i 1993 hamna Sa'ir i «Område B» som gav Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) kontroll over sivile saker i byen, medan Israel heldt kontroll over tryggleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 408
  2. 2,0 2,1 Sa'ir Town Profile. Applied Research Institute-Jerusalem. 2008. Henta 2012-03-12.
  3. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  4. Dauphin, 1998, s. 936
  5. Conder og Kitchener, 1883, s. 379.
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 122.
  7. Guérin, 1869, s. 150
  8. Conder og Kitchener, 1883, s. 309.
  9. Conder, 1881, s. 215-6 in PEFQS
  10. Conder, 1889, s. 123-4 in PEFQS
  11. Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10
  12. Mills, 1932, s. 33
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]