Gaza by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mal:Koord/input/nolat

Gaza

Gaza by, (arabisk: غزة Ġazzah; hebraisk: עזה Azzah) er den største byen på Gazastripa, eit sjølvstyrt område i Palestina. Gaza by har rundt 410 000 innbyggjarar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Gaza by er eit av dei eldste byområda i verda, med røter attende til 3000 f.Kr. Han ligg strategisk plassert ved ei av dei viktigaste handelsrutene i Midt-Austen. I oldtida var Gaza eit framtredande handelssenter for karavanar mellom Egypt og Syria.

[endre] Muslimsk styre

Gaza vart erobra av muslimske 'Amr ibn al-’As i 637 e. Kr. Byen vart eit viktig senter for muslimane, og bestefaren til Profeten Muhammed, Hashem, skal vere gravlagd her.

I 1149 vart byen hærtatt av Baldwin III av Jerusalem, og kontrollen med byen vart overgitt til Tempelriddarane.[1] I 1170 e.Kr. forsøkte Saladin å ta byen attende for Ayyubide-dynastiet. Han mislyktest i første omgangen, men etter at Saladin hadde erobra Ashkelon, greidde dei bringe Gaza attende på muslimske hender.

Dei kristne krossfararane tok byen på nytt i 1191, og han vart lagt under herredømmet til Rikard I av England – også kjend som Richard Løvehjarta.

Det nye flagget til Gazas

[endre] 20. hundreåret

Etter første verdskrigen vart landområda omkring Gaza erobra av Storbritannia, som dermed fekk kontroll over området som no er kjent som Israel, Vestbreidda, Gazastripa og Jordan. [2] Etter Den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Gaza by og landområda rundt hærtekne av Egypt, og sidan steig folketalet kraftig som følgje av at arabiske flyktningar strøymde til byen frå landområda omkring.

Under seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Gazastripa og Gaza by.

[endre] Etter 2000

Palestinianarar i Gaza under krigen mot Israel 2008/09

Ved dei palestinske vala i 2007 fekk Hamas fleirtal, og etter valet følgde væpna konflikt mellom Fatah og Hamas. Sidan har Hamas styrt byen og landet omkring. Hamas godkjenner ikkje staten Israel, og etter gjentekne rakettåtak frå Gazastripa mot nærliggjande israelske byar, gjekk Israel til militært åtak på Gaza ved årsskiftet 2008/09. Ved desse åtaka vart delar av byen lagd i ruinar.

[endre] Kjelder

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk