Bergfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergfrue


Bergfrue
Bergfrue

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Saxifragáceae sildrefamilien
Slekt: Saxífraga L.
Art: T. cotylédon
Vitskapleg namn
Saxifraga cotyledon

Bergfrue, Saxífraga cotylédon er ein fleirårig fjellplante i sildrefamilien.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad

Bergfrua har ein basal bladrosett. Rosetten veks i fleire år før han vert så kraftig at han kan blomstre. Då spring det ut ein kraftig blomsterstand med meir enn hundre kvite blomstrar; bergfrua kan blomstre i mange veker. Oftast er bergrua rundt 25 cm høg, men ho kan nå meir enn halvmeteren Etter fruktmogninga døyr bladrosetten. Nye bladrosettar for nye planter vert laga ved vegetativ formeiring i åra før plante blømer.

[endre] Økologi

Bergfrua veks i bergsprekker og på fjellhyller, gjerne på utilgjengelege stader. Helst vil ho ha kalkhaldig berg. Ho treng luft med god råme, difor veks ho ofte under fosserøyk . Ho har hovudleveområdet sitt i Noreg, men finst òg i Jämtland og i Lapplandsfjella, på Island, i Alpane og i Pyrinéane.

[endre] Kultur

Bergfrua er (riktignok ved sida av røsslyng)[1] kåra til norsk nasjonalblomster, fylkesblomster i Møre og Romsdal og kommuneblomster i Valle kommune. Ho har mange folkelege namn:

  • Fjelldronning
  • Bergabrur
  • Lilja
  • Venegut
  • Sifylle (Telemark)
Etter bløminga døyr bladrosetten. Dei små bladrosettane er frå vegitativ formeiring tidlegare år

[endre] Kjelder:

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk