Bjørn G. Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørn G. Andersen
Bjørn G. Andersen on Greenland 2005.jpg
Bjørn G. Andersen frå turen til Grønnland 2005
Fødd 23. mars 1924
Død 12. januar 2012 (87 år)
Ektefelle Astrid E. Kruse Andersen

Bjørn Grothaug Andersen (23. mars 192412. januar 2012), var ein norsk professor i kvartærgeologi.

Andersen var son til Knut Severin Andersen f. Grothaug (1882-1958) bondeson frå Hornindal i Nordfjord og seinare gartnar i Stavanger, og Elise Andersen f. Rafoss (1890-1987) frå Stavanger (Kvinesdal). Han vart gift 5. juli 1951 med fysioterapeut Astrid E. Kruse Andersen (f. 1926). Andersen blei professor i kvartærgeologi (som dosent) på Institutt for geologi ved Universitetet i Oslo frå 1956 til 1970, og med tida ved Universitetet i Bergen fram til 1982, før han drog attende til Oslo (UiO) der han jobba dei 9 siste åra før han vart pensjonist. I periodar var han instituttstyrar på universiteta både i Oslo og i Bergen. Han heldt plassen i eit emeritus-kontor heilt fram til hausten 2011, då sjukdom overmanna han. Andersen var ein høgt skatta førelesar og hadde jamleg kontakt med mange av studentane sine, nokre heilt til dei siste dagene han levde. I alt leidde han meir enn 30 årskull fram til eksamen i glasialgeologi.

Bidrag til kvartærgeologien i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Andersen bidrog mykje til oppbygginga av kvartærgeologien ved Universitetet i Bergen, og han fekk stor innverknad da han evna å trekkje både forskarar og studentar med seg i sitt verdsomspennande kontaktnett. Han utførte feltarbeid på fleire kontinent i tillegg til si omfattande geologiske kartlegging av Noreg. Andersen var i USA og Alaska frå 1954 til 1956 som stipendiat ved Yale University, og etter kvart reiste han med fleire amerikanske forskargrupper til Antarktis ei rekkje gonger. Den første ekspedisjonen til Sørpolen kom etter ein periode der Noregs interesser for staden var små etter bragden til Roald Amundsen i 1911-1912. Andersen vart den andre nordmannen som var på sørpolpunktet etter Amundsen. Førstemann fekk faktisk den flybilletten Andersen hadde og landa der om lag ei veke før han. Leiarane for denne amerikanske ekspedisjonen heidra Andersen for innsatsen blant anna ved å gje ein fjelltopp namnet (Andersen Escarpment) etter han.[1]

Bjørn G. Andersen på sumarstaden i Lillesand

Då Andersen gjorde feltstudia sine i Ryfylke til si hovudoppgåve, med Werner Werenskiold som vegleiar, gjorde han banebrytande arbeid både metodisk og teoretisk [2][3]. Han utvikla metodar med bruk av stereoskopiske flyfoto for kartlegging av morener. Utover på 1950- og 1960-talet kartla han morenelandskap i mykje av landet, frå Sørlandet til Troms. Kartlegginga av moreneneJæren og Sørlandet vart grunnlaget for jobben med doktorgraden som blei avslutta med disputas i 1960, med Olaf Holtedahl som vegleiar.[4]

Isfjell passerer båten på veg mot Grønnland 2005

Han oppdaga ein hittil ukjend plass i Rogaland, med bergartar frå kambrosilur som låg mykje lågare enn grunnfjellet rundt. Dei innsamla fossilane frå denne plassen blei gjevne til Paleontologisk museumTøyen, og leidde mellom anna til at professor Gunnar Henningsmoen fann ein til då ukjend trilobittart, som fekk namnet (Ptychparia anderseni) etter Andersen. I samband med jobben i områda omkring Lysefjorden blei det også utvikla metodar for å bestemme klimatiske forhold ved å rekonstruere breane frå istida. Mange geologar og geografar har brukt desse metodane som framleis er like verdifulle.

Isbre fra Grønnland 2005

Den første artikkelen Andersen publiserte [2] vart ein av dei mest grunnlegjande[3] artiklane i glasialgeologien i Noreg, (Mangerud, 2011) sjølv om han kom nokre år før C-14 datering blei tilgjengeleg, eit verktøy ein ikkje kan klare seg utan i dag. Han rekonstruerte «yngre dryas»-breen i Lysefjorden i tre dimensjonar og sammenlikna han med dagens brear på Grønland. Vidare brukte han dei høgste sidemorenene til å bestemme likevektslinja på paleo-breane og fann at senkinga av likevektslinja var den same som med dagens brear. Slik kunne han anslå senkinga av sommartemperaturen overraskande nøyaktig. Han fann at denne stemde godt overeins med det botanikaren Knut Fægri fann om «yngre dryas»-morenene på Jæren.

Pensjonisttilveret[endre | endre wikiteksten]

Andersen var ein engasjert istidsgeolog i heile sitt vaksne liv. Han gjorde feltarbeid i Chile frå 1991 til 1999, og frå 2000 til 2008 på Sørøya i New Zealand. Desse feltarbeida gjorde han i samarbeid med amerikanske forskargrupper, no leidd av George Denton. Resultata frå desse siste studia blei mellom anna publisert i fagtidsskrifta Nature og Science.[5][6][7][8] Dette kom i tillegg til to bøker han skreiv. Den eine fekk tittelen «Istider i Norge» i 2000[9], den andre var ei internasjonal lærebok: «Ice Age World» (1997).[10]

Sommaren 2011 var Andersen med på ein stor geologisk konferanse i Sveits der han vart med å presentere «New Zeeland»-arbeida, og nokre månader seinare, i september-oktober vart han med i området rundt Lysefjorden der han diskuterte kvar ein skal sende ei forskingsgruppe for å bestemme alderen til morenane han kartla på 1950-talet. Forskargruppa det er snakk om kjem frå Bergen og USA og blir leidd av respektive Jan Mangerud og George Denton. Dei skal nytta ein heilt ny metode til å ta prøver i arbeidet sitt. [3]

Publikasjonar (i utval)[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • B. G. Andersen, 1954: «Randmorener i Sørvest-Norge» i: Norsk Geografisk Tidsskrift 14, 273-342.
  • B. G. Andersen, 1960: «Sørlandet i sen- og postglacial tid» i: Norges geologiske undersøkelse nr. 210, 142 sider.
  • B. G. Andersen, 1968: «Glacial geology of western Troms, North Norway» i: Norges geologiske undersøkelse nr. 256, 160 sider.
  • B. G. Andersen, 1975: «Glacial geology of northern Nordland, North Norway» i: Norges geologiske undersøkelse. 74 sider
  • B. G. Andersen, 1992: «Jens Esmark – a pioneer in glacial geology» i: Boreas 21, 97–102.
  • B. G. Andersen, F. Bøen, R. Nydal, A. Rasmussen, og P. N. Vallevik, 1981: «Radiocarbon dates of marginal moraines in Nordland, North Norway» i: Geografiska Annaler 63A, 155-160.
  • B. G. Andersen, F. Bøen, A. Rasmussen, K. Rokoengen, og P. N. Vallevik, 1982: «The Tjøtta glacial event in southern Nordland, North Norway» i: Norsk Geologisk Tidsskrift 62, 39-49.
  • B. G. Andersen, og J. Mangerud, 1990: «The last interglacial – glacial cycle in Fennoscandia» i: Quaternary International 3-4, 21-29.
  • B. G. Andersen, J. Mangerud, R. Sørensen, A. Reite, H. Sveian, M. Thorensen, og B. Bergström, 1995: «Younger Dryas Ice-Marginal Deposits in Norway» i: Quaternary International 28, 147-169.
  • B. G. Andersen, G. H. Denton, C. J. Heusser, T. V. Lowell, P. I. Moreno, A. Hauser, L. E. Heusser, C. Schluchter, and D. R. Marchants, 1995: «Climate, vegetation and glacier fluctuations in Chile, between 40°30´ and 42°30´S latitude - A short review of preliminary results» i: Quaternary International 28, 199-201.
  • B. G. Andersen, G. H. Denton, og T. V. Lowell, 1999: «Glacial geomorphological maps of Llanquihue drift in the area of the southern Chilean Lake District» i: Geografiska Annaler 81A, 155-166, with map portfolio including 9 plates drawn by B. G. Andersen.
  • D. J. A. Barrell, B. G. Andersen, & G. H. Denton, 2011: «Glacial geomorphology of the central South Island, New Zealand» i: GNS Science monograph 27, 81 sider + kart (5 store kartblader tegnet av Andersen - hans siste kartarbeider)
  • G. H. Denton, J. G. Bockheim, S. C. Wilson, J. E. Leide, og B. G. Andersen, 1989: «Late Quaternary ice-surface fluctuations of Beardmore Glacier, Transantarctic Mountains» i: Quaternary Research 31, 183-209.
  • G. H. Denton, T. V. Lowell, C. J. Heusser, P. I. Moreno, B. G. Andersen, L. E. Heusser, C. Schlüchter, og D. R. Marchant, 1999: «Interhemispheric linkage of paleoclimate during the last glaciation» i: Geografiska Annaler 81A, 107-153.
  • C. J. Heusser, G H. Denton, A. Hauser, B. G. Andersen, og T. V. Lowell, 1996: «Water Fern (Azolla filiculoides Lam.) in Southern Chile as an Index of Paleoenvironment during Early Deglaciation» i: Arctic and Alpine Research 28 (2), 148 sider.
  • C. J. Heusser, T. V. Lowell, L. E. Heusser, A. Hauser, B. G. Andersen, og G. H. Denton, 1998: «Vegetation dynamics and paleoclimate during late LLanquihue glaciation in souther Chile» i: Bamberger Geographische Schriften 15, 211-226.
  • O. Holtedahl og B. G. Andersen, 1960: «Glacial map of Norway» vedlegg i: O. Holtedahl, (1960). «Geology of Norway». Norges geologiske undersøkelse 208, 540 sider.
  • M. R. Kaplan, J. M. Schaefer, G. H. Denton, D. J. A. Barrell, T. J. H. Chinn, A. E. Putnam, B. G. Andersen, R. C. Finkel, R. Schwartz, og A. M. Doughty, 2010: «Glacier retreat in New Zealand during the Younger Dryas stadial» i: Nature 467, 194-197.
  • F. Presser, B. G. Andersen, G. H. Denton, og C. Schlüchter, 2005: «Luminescence chronology of Late Pleistocene glacial deposits of North Westland, New Zealand» i: Quaternary Science Reviews 24, 2207-2227.
  • A. E. Putnam, G. H. Denton, J. M. Schaefer, D. J. A. Barrell, B. G. Andersen, R. C. Finkel, R. Schwartz, A. M. Doughty, og M. R. Kaplan, 2010: «Glacier advance in southern middle-latitudes during the Antarctic Cold Reversal» i: Nature Geoscience, doi:10.1038/ngeo962.
  • J. M. Schaefer, G. H. Denton, D. J. Barrell, S. Ivy-Ochs, P. W. Kubik, B. G. Andersen, F. M. Phillips, T. V. Lowell, og C. Schlüchter, 2006: «Near-synchronous interhemispheric termination of the last glacial maximum in mid-latitudes» i: Science 312, 1510-1513.
  • J. M. Schaefer, G. H. Denton, M. Kaplan, A. Putnam, R. C. Finkel, D. J. A. Barrell, B. G. Andersen, R. Schwartz, A. Mackintosh, T. Chinn, og C. Schlüchter, 2009: «High-Frequency Holocene Glacier Fluctuations, New Zealand Differ from the Northern Signature» i: Science 324, 622-625.

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn G. Andersen, 2000: Istider i Norge: landskap formet av istidenes breer. Oslo : Universitetsforlaget, 216 sider.
  • Bjørn G. Andersen and Harold W. Borns Jr., 1997: The Ice Age World: an introduction to quaternary history and research with emphasis on North America and Northern Europe during the last 2.5 million years. Oslo : Universitetsforlaget, 208 sider.
  • B. G. Andersen, og L.-K. Königsson (red.), 1991: Late Quaternary Stratigraphy in the Nordic Countries 150,000-15,000 B.P. Striae 34, 5-6.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi
  • Andersen, Bjørn G. (1954). «Randmorener i Sørvest-Norge». Norsk Geografisk Tidsskrift (Oslo) 14 (5-6): 273-342. 
  • Andersen, Bjørn G. (1960). «Sørlandet i sen- og postglacial tid». Norges geologiske undersøkelse (Oslo) 210: 1-142. 
  • Andersen, Bjørn G. (2000). Istider i Norge: landskap formet av istidenes breer. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 97-88200451-34-1. 
  • Andersen, Bjørn G.; Borns, Harold W. Jr. (1997) (på Engelsk). The Ice Age World: an introduction to quaternary history and research with emphasis on North America and Northern Europe during the last 2.5 million years. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 97-88200376-83-5. 
  • Mangerud, Jan (2011). «Geoprofilen: Bjørn G. Andersen – En bauta i norsk geologi». Geoforskning (Oslo) 6/2011 (6). 
  • Kaplan, Michael R.; Schaefer, Joerg M.; Denton, George H.; Barrell, David J. A.; Chinn, Trevor J. H.; Putnam, Aaron E.; Andersen, Bjørn G.; Finkel, Robert C. et al. (2010). «Glacier retreat in New Zealand during the Younger Dryas stadial». Nature 467: 194-197. 
  • Putnam, Aaron E.; Denton, George H.; Schaefer, Joerg M.; Barrell, David J. A.; Andersen, Bjørn G.; Finkel, Robert C.; Schwartz, Roseanne; Doughty, Alice M. et al. (2010). «Glacier advance in southern middle-latitudes during the Antarctic Cold Reversal». Nature Geoscience 3 (10): 700–704. 
  • Schaefer, Joerg M.; Denton, George H.; Barrell, David J. A.; Ivy-Ochs, Susan; Kubik, Peter W.; Andersen, Bjørn G.; Phillips, Fred M.; Lowell, Thomas V. et al. (2006). «Near-Synchronous Interhemispheric Termination of the Last Glacial Maximum in Mid-Latitudes». Science 312: 1510-1513. 
  • Schaefer, Joerg M.; Denton, George H.; Kaplan, Michael R.; Putnam, Aaron E.; Finkel, Robert C.; Barrell, David J. A.; Andersen, Bjørn G.; Schwartz, Roseanne et al. (2009). «High-Frequency Holocene Glacier Fluctuations, New Zealand Differ from the Northern Signature». Science 324: 622-625. 
Noter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Minneord
  • Denne artikkelen inneheld offentleg materiale frå United States Geological Survey document "Bjørn G. Andersen" (med innhald fra Geographic Names Information System).