Bournonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bournonitt

Bournonitt og barytt
Generelt
KategoriSvovelsaltmineral
Kjemisk formelPbCuSbS3
Strunz-klassifisering02.GA.50
Dana-klassifisering3.4.3.2
Identifikasjon
FargeStålgrå til jern-svart
KrystallformKrystall er korte prismatiske til tavleforma, ofte stripete; vanlegvis som delvis parallelle samlingar. Òg massive, korna til kompakt
KrystallsystemOrtorombisk
Tvillingpå {110}, vanlegvis som kross eller tannhjul samlingar
Kløyv[010] uperfekt
BrotUndermuslig til Ujamn
Mohs hardleiksskala2.5 - 3.0
GlansBriljant til matt
StrekfargeStålgrå til jern-svart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt5.7 - 5.9
Optiske eigenskapar
PleokroismeSærs svak
Kjelder[1][2]

Bournonitt er eit stålgrått mineral med metallglans, eit svovelsalt av bly og kopar, PbCuSbS3, som krystalliserer rombisk. Det finst til dømes i Cornwall i Storbritannia, Böhmen i Tsjekkia, Mexico og i Sør-Amerika. I Noreg er det påvist frå Sulitjelma i Nordland.

Det vart først nemnt av Philip Rashleigh i 1797 som eit malm av antimon og vart fullstendig skildra i 1804 av den franske krystallografen og mineralogen Jacques Louis, Comte de Bournon (1751–1825), som det har fått namn etter. Namnet Bournon gav sjølv var endellione, sidan brukt i forma endellionitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bournonitt