Øya Vancouver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med omriss av øya Vancouver, med plassering i Canada innfelt

Vancouver er ei øy i Canada. Ho dekker ei flatevidd på 32 134 km², og er 460 km lang og 80 km på det breiaste. Vancouver ligg vest for fastlandskysten i Britisk Columbia, og er den største øya på stillehavssida av Nord-Amerika. Folketeljinga i 2001 viste eit folketal på 656 312. I 2008 budde 740 876 menneske på øya, seier oppgåver frå Britisk Columbia. Nær halvparten (331 491) av innbyggjarane bur i Victoria i Britisk Columbia. Andre større byar er Nanaimo, Port Alberni, Parksville, Courtenay og Campbell River. Øya er kjend for sine tempererte regnskogar. Økonomien har tradisjonelt vore basert på skogbruk.

Geografi og miljø[endre | endre wikiteksten]

Vancouver ligg i det sørvestre hjørnet av provinsen Britisk Columbia. Ho er skild frå Canadas fastland av Strait of Georgia, Johnstone Strait og Queen Charlotte Strait, og frå US-Amerika av Strait of Juan de Fuca. Vest for øya breier Stillehavet seg.

Fjellkjeda Vancouver Island Ranges går langs det meste av øya, og deler ho i ein våt og kupert vestkyst og ein turrare austkyst med slakare terreng. Høgste punktet i fjellkjeda er Golden Hinde på 2 198 meter. Midt inne på øya ligg den 2500 km² store Strathcona Provincial Park med nokre fjelltoppar der dei einaste isbreane på øyane finst. Comox Glacier er største breen. Golden Hinde er elles del av Karmutsen-formasjonen, eit landskap som består av bergartane basalt og breksje og er restane av vulkansk aktivitet 200 millionar år tilbake. Kysten i vest er ulendt og mange stader rik på fjell, og er prega av mange fjordar, bukter og vikar. I det indre av øya er det mange vatn og elvar.

Klimaet er det mildaste i Canada, vanlegvis er temperaturane på kysten også i januar over 0 °C. Om sommaren er det dei varmaste dagane eit maksimum på 28-33 grader Celsius. Vestkysten er klart våtare enn austkysten. Årleg nedbørsmengd varierer mellom 6650 millimeter ved Henderson Lake på vestkysten (våtaste plassen i Nord-Amerika) til 640 mm på den turraste målestasjonen i provinshovudstaden i Victoria på søraustkysten. Nedbøren fell for det meste om hausten og vinteren. Snø er sjeldan i låglandet, men vanleg på fjelltoppane om vinteren.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vancouver ligg i biomen temperert regnskog. Dei sørlege og austlege delane av øya er prega av vekstar som douglasgran, kjempetuja, jordbærtre, vaktelbær og mahonia. Den høgste douglasgrana nokon gong registrert voks på Vancouver. Områda i nord, vest og størstedelen av øyas indre er dominert av bartre, til dømes hemlokk, kjempetuja, nutkasypress, douglasgran, kjempeedelgran, sitkagran og western white pine.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Faunaen på Vancouver er mykje lik den som finst på fastlandskysten. Men artar vanlege på fastlandet, som til dømes grizzlybjørn, snøgeit, piggsvin, elg, stinkdyr, prærieulv og fleire små pattedyr, manglar på Vancouver. Øya har Canadas største bestand av wapiti, og ein art, vancouver-murmeldyr, finst berre her. Ho har den tettaste bestanden av puma i Nord-Amerika. Øya sine elvar, vatn, og kystområde er velkjende for fiske av aure, laks og regnbogeaure.

Vancouver ligg langs Eldringen i Stillehavet, noko som gjer regionen til den i Canada med størst seismisk aktivitet. I 1946 var Forbidden Plateau aust for Vancouver Island Ranges episenter til eit jordskjelv målt til 7.3 på Richter skalaen, det kraftigaste jordskjelvet målt på land i Canada.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Velkomstfigurar skorne ut av nuu-chah-nulth-folk og sett opp i Port Alberni.

Urfolk[endre | endre wikiteksten]

Vancouver har vore heimland til mange urfolk i tusenar av år. Desse er av dei indianske stammene kwakwaka'wakw, nuu-chah-nulth og salish. Kwakwaka'wakw-territoriet ligg på det nordlege Vancouver og på delar av fastlandet. Nuu-chah-nulth sitt territorium strekker seg frå nordvestspissen av øya mot sør, inkludert vestkysten, medan salish har halde til i låglandet på den austre delen av øya. Kulturane er basert på naturressursane i området.

Europeiske oppdagarar[endre | endre wikiteksten]

I siste tiåra av 1700-talet kom fleire europeiske oppdagarar til øya. Dei fleste var spanske eller britiske. Dei fyrste som utforska øya kom i 1774, etter rykte om at russiske pelsjegerar var i farvatna. Spanjolane sende då Santiago nordover under Juan José Pérez Hernández sin kommando. Året etter kom ein andre spansk ekspedisjon under leiing av den peruivianske kapteinen Juan Francisco de la Bodega y Quadra.

George Vancouver

På si tredje sjøreise landa James Cook i 1778 i Nootka Sound på vestkysten og gjorde krav på øya som britisk land. British East India Company bygde deretter ein handelspost med ein bygning i urfolkslandsbyen Yuquot (Friendly Cove) på Nootka Island, ei lita øy i sundet.

Spania bygde i 1789 Fort San Miguel på ein av Vancouvers mange holmar i sundet nær Yuquot. Dette vart det einaste spanske settlementet i det som seinare vart Canada. Spanjolane byrja gripe britiske båtar, og dei to statane var på randa av krig under Nootka-krisa. Striden vart løyst fredeleg gjennom Nootka-avtalen i 1792, der begge landa aksepterte den andre sin rett til området.

Øya er oppkalla etter kapteinen George Vancouver frå King's Lynn i England. Han hadde segla som sjøkadett med Cook, og skulle etter Nootka-avtalen halde oppsyn med den britiske aktiviteten. Same året, 1792, segla den spanske oppdagaren Dionisio Alcalá Galiano og mannskapet hans rundt øya Vancouver, som dei fyrste europearane.

Byar på øya Vancouver

Britisk kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Den første britiske busetjinga på øya kom først i 1843. Hudson's Bay Company bygde då Fort Camosack, seinare fekk staden namnet Fort Victoria. Få år etter, i 1846, inngjekk Storbritannia og USA ein avtale som fastsette grensene mellom dei britisk-kontrollerte settlementa og Oregon. Avtalen, Oregon Treaty, tildelte heile Vancouver til det seinare Canada, trass i at ein del av øya ligg sør for 49-graden. I 1849 vart Colony of Vancouver Island grunnlagt.

Fort Victoria vart ein viktig base under Fraser Canyon-gullrusjet i 1858, og den framveksande byen vart lagt under kolonistyret som Victoria i 1862. Victoria vart hovudstad i kolonien Vancouver, ein status byen også fekk då øya og fastlandet vart samla under eitt styre i 1866.

Økonomien i kolonien var i forfall etter Cariboo-gullrusjet 1861-62. Dermed vart det pressa på for samanslåing av kolonien med fastlandskolonien Britisk Columbia. Kolonien sin tredje og siste guvernør, Arthur Kennedy, hadde i 1866 tilsyn med at unionen mellom dei to koloniane, Vancouver Island og Britisk Columbia, kom i stand.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Vancouvers økonomi utanfor Victoria er sterkt dominert av skogbruk og sagbruk og tilhøyrande industri, men også turisme og fiskeri spelar ei viktig rolle. Mykje av trevyrket går til cellulose, det finst trefarmar som vert hausta kring kvart 30 år.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Sjøtransporten er avgjerande for Vancouver for tilgjenge til fastlandet i Britisk Columbia og delstaten Washington. Bruer til fastlandet finst ikkje. Tilgangen med køyretøy til Vancouver skjer via ferjer. Seks ulike ferjeruter går til og frå fastlandet.

I dag er det att to jarnbanestrekningar på Vancouver. Tidlegare var det fleire, nokre av desse er i bruk i turistsesongen.

Hovudvegen (highway) mellom nord og sør på Vancouver går på austsida av øya. Han går frå Victoria til Port Hardy. Aust-vest går fire hovudvegar. Dessutan knyter ein hovudveg Victoria til halvøya Saanich Peninsula, Vancouverdelen av denne ruta endar ved ferjeleiet Swartz Bay. Vegnettet er elles godt utbygd, skogsvegar både i bruk og ”avvikla” gjev tilgang til innlandet.

Victoria International Airport er den største flyplassen på Vancouver. I 2005 hadde han 1 280 420 passasjerar, og var den niande største i Canada.

Sjøfly og helikopter trafikkerar Victorias indre hamn og har årleg om lag 300 000 passasjerar, og er dermed den nest travlegaste flyplassen på Vancouver. Ein stor del av trafikken med sjøfly går mellom hamnene i Victoria, byen Vancouver og Nanaimo, med deira respektive bysentra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]