Bronseskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bronseskarv

Status i verda: VU Sårbar

Bronseskarv Foto: Jum Scarff
Bronseskarv
Foto: Jum Scarff

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Podicipedidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. chalconotus
Vitskapleg namn
Phalacrocorax chalconotus

Bronseskarv (Phalacrocorax chalconotus) er ein sjeldan skarveart som er endemisk til New Zealand, han har utbreiing avgrensa til kysten lengst søraust på Sørøya og rundt Stewart Island/Rakiura.

Svartkvit morf av bronseskarv i hekkedrakt.
Illustrasjon av Joseph Smit

Bronseskarvar er ca. 68 centimeter i lengd og veg om lag 2,5 kilogram. Det finst to fargeformer, morfar, ei bronsefarga form og ei svartkvit form. Desse formene lever saman og kryssar, men bronsefarga individ dominerer i nord og svartkvite i sørlege delen av utbreiingsområdet. Den svartkvite forma liknar fjørdrakta åt vorteskarv, med kvit underside frå strupen til undergumpen og svart overside med kvitt band på vengen. Den bronsefarga forma er mørk brun til svart med grøn og blå metallglans. Felles for begge er lyseraude bein, naken, oransje hudfold ved nedre del av nebbrota, naken lilla hud i andletet. I hekketida får dei ein lang, svart fjørtopp på framhovudet og spreidde, utydelege kvite striper på hovudet. Ungfuglar har lysare brunt i staden for svart og brunt med mindre farger i andletet.

Hekkeområdet strekkjer seg frå North Otago, Otago-halvøya i nord, sørover langs kysten til Foveaux-sundet mellom Sørøya og Stewart Island/Rakiura og rundt Stewart Island. Hekkeperioden er frå august til mars, dei hekkar i koloniar nær sjøkanten.

Føda består av fisken Gobiomorphus cotidianus av sovekutlingar og flyndrer, og fleire former for marine virvellause dyr som blekksprutar og krabbar. Dei kan fangste opp til 15 kilometer frå land og dukke ned til 30 meter.

Verdspopulasjonen var estimert til 5000-8000 individ inklusive ungfuglar i 1994, og er vurdert å vere minkande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bronseskarv