Can't Get You Out of My Head
| Can't Get You Out of My Head Singel av Kylie Minogue frå albumet Fever |
||
| B-side | «Boy» «Rendezvous at Sunset» |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 8. september 2001 | |
| Innspelt | 2001 London i England |
|
| Sjanger | Dansepop | |
| Lengd | 3:51 | |
| Selskap | Parlophone Capitol Records |
|
| Låtskrivar(ar) | Cathy Dennis Rob Davis |
|
| Produsent | Cathy Dennis Rob Davis |
|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| «Butterfly» (2001) |
Can't Get You Out of My Head | «In Your Eyes» (2002) |
«Can't Get You Out of My Head» er ein dansepopsong spelt inn av den australske songaren Kylie Minogue til hennar åttande studioalbum Fever. Han vart skriven og produsert av Cathy Dennis og Rob Davis, og vart utgjeven som den første singelen frå albumet.
Innhaldsliste |
Informasjon [endre]
«Can't Get You Out of My Head» vart den mest suksessfulle singlen av Minogue til dato. Singelen nådde førsteplass på topplistene i over 40 land og har selt over 4 millionar eksemplar.[1] Songen fekk mange positive meldingar frå kritikarar, og mange vurderer songen som den beste singlen til Minogue til dags dato. I biografien til Minogue er songen skildra som hennar mest vellykka song til då.
Utgjeving og listeplasseringar [endre]
«Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven 8. september 2001. I heimlandet til Minogue Australia gjekk songen rett inn på listetoppen, den sjuande gongen ho oppnådde dette. Han låg fire veker på listetoppen i Australia og vart den tredje mest selde singelen det året. I tillegg nådde songen førsteplass i New Zealand og vart der i tre veker. Han nådde førsteplassen i kvart einaste europeisk land bortsett frå Finland, der han nådde nummer fem. Han nådde førsteplassen for ei veke på dei franske og tyske hitlistene, der han selte over 500 000 eksemplar i kvart av landa. Singelen selde 306 000 eksemplar i den første veka si etter utgjevinga, og nådde førsteplassen på UK Singles Chart, der han vart liggjande fire veker på toppen. Ved utgangen av året hadde singelen selt over ein million eksemplar.
Etter suksessen han oppnådde rundt om i verda vart «Can't Get You Out of My Head» utgjeven i USA. Han debuterte på nummer sekstifire på Billboard Hot 100 og nådde nummer sju i den niande veka på hitlistene. I august 2005 sertifiserte Recording Industry Association of America singelen til gull for eit sal på over 500 000 digitale nedlastingar i USA.[2]
Komposisjon [endre]
«Can't Get You Out of My Head» er ein dansepopsong med påverknad frå elektronisk musikk. Musikken blir laga av eit elektrisk piano, strykarar og ulike elektroniske lydar.
Musikkvideo [endre]
Videoen viser Minogue som køyrer i eit framtidslandskap mot ein storby. I eit futuristisk bylandskap med dansarar i kvite kostyme som dansar som robotar. Minogue kjem til og dansar med dei i ei tilsvarande drakt. I den neste scenen dansar ho innandørs med dansarar i raude drakter med bøtteaktige hattar; ho sjølv ber ei kort, utfordrande hettedrakt som fekk mykje omtale. Til slutt opptrer Minogue i ein metallaktig kjole i eit mørkt utandørs bylandskap med dansarar kledde i svart. I 2002 vann videoen ein pris på MTV Video Music Awards for beste koreografien.
Format og sporliste [endre]
- Internasjonal CD 1
- «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
- «Boy» – 3:47
- «Rendezvous at Sunset» – 3:24
- «Can't Get You Out of My Head» (Video)
- Internasjonal CD 2
- «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
- «Can't Get You Out of My Head» (K&M Mindprint Mix) – 6:34
- «Can't Get You Out of My Head» (Plastika Mix) – 9:26
- Internasjonal CD 3
- «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
- «Boy» – 3:47
- Australsk CD 2
- «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
- «Can't Get You Out of My Head» (K&M Mindprint Mix) – 6:34
- «Can't Get You Out of My Head» (Plastika Mix) – 9:26
- «Can't Get You Out of My Head» (Superchumbo Mix) – 8:32
Andre versjonar [endre]
- «Can't Get Blue Monday Out of My Head» – 4:03
- «Can't Get Blue Monday Out of My Head» (Live) – 4:28 *
- «Can't Get You Out of My Head» (Extended Mix) – 5:57 *
- «Can't Get You Out of My Head» (Extended Instrumantal) – 5:57 *
* Desse versjonane var ikkje tilgjengelege ved den opphavlege utgjevinga.
Topplisteplasseringar og sertifisering [endre]
Vekentlege toppliste [endre]
|
Årsslutt toppliste [endre]
|
Sertifisering [endre]
|
Utgjevingshistorie [endre]
| Land | Dato |
|---|---|
| Australia | 8. september 2001 |
| Storbritannia | 17. september 2001 |
| USA | 27. februar 2002 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Can't Get You Out of My Head» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Can't Get You Out of My Head» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Parlophone. Can't Get You Out of My Head. Offisiell nettstad. Vitja 15. juli 2009.
- ↑ U.S. Certification. Recording Industry Association of America. Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Australian-charts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head – Austriancharts.at. Ö3 Austria Top 40. Hung Medien.
- ↑ Ultratop.be – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Ultratop 50. Hung Medien.
- ↑ Ultratop.be – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Ultratop 40. Hung Medien.
- ↑ Danishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Tracklisten. Hung Medien.
- ↑ Dutchcharts.nl – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Mega Single Top 100. Hung Medien.
- ↑ Finnishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ Lescharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. SNEP. Hung Medien.
- ↑ Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de. Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ Chart Track. Irish Singles Chart. Irish Recorded Music Association.
- ↑ Italiancharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. FIMI. Hung Medien.
- ↑ Charts.org.nz – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien.
- ↑ Norwegiancharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ Spanishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. PROMUSICAE. Hung Medien.
- ↑ Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head – swisscharts.com. Schweizer Hitparade. Hung Medien.
- ↑ Swedishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. Sverigetopplistan. Hung Medien.
- ↑ Chart Stats – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head. UK Singles Chart. Chart Stats.
- ↑ Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot 100. Prometheus Global Media.
- ↑ Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot Dance/Club Play. Prometheus Global Media.
- ↑ Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Pop Songs. Prometheus Global Media.
- ↑ ARIA Annual Chart. Australian Recording Industry Association. Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Austrian Annual Chart. Austrian Charts (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Belgian Flemish Annual Chart. Ultratop (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Belgian Walloon Annual Chart. Ultratop (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ French Annual Chart. SNEP (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ German Annual Chart (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Ireland - Top Singles For 2001. Allcharts.org. Vitja 5. januar 2012.
- ↑ Steffen Hung. Dutch charts portal. dutchcharts.nl. Vitja 5. januar 2012.
- ↑ 31,0 31,1 Swiss Annual Chart. Swiss Charts (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ UK Annual Chart. The Official Charts (2001). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ Austrian Annual Chart. Austrian Charts (2002). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ French Annual Chart. SNEP (2002). Vitja 15. juli 2009.
- ↑ German Annual Chart. Universität Würzburg (2002). Vitja 15. juli 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Språkvask
- Kylie Minogue-songar
- Songar frå 2001
- Singlar frå 2001
- Singlar frå 2002
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Nummer-ein-singlar i Italia
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Nummer-ein-singlar i Tyskland
- Nummer-ein-singlar i Austerrike
- Nummer-ein-singlar i Danmark
- Nummer-ein-singlar i Frankrike
- Nummer-ein-singlar i Belgia
- Nummer-ein-singlar i Sveits
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Songar på toppen av Sverigetopplistan
- Songar på toppen av VG-lista