Sapfo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av «Sapfo frå Eresós»

Sapfo (attisk gresk Σαπφώ Sapphô, aiolisk gresk Ψάπφω Psápphο) var ein kvinneleg gresk lyrikar, lovprist i samtida og kjend for ettertida gjennom diktbitar tileigna andre kvinner. Ho livde i MytilíniLésvos, ei gresk øy som ligg like ved dagens Tyrkia. Sapfo vart sannsynlegvis fødd på Eresós vest på same øya.

Liv og biografiske spekulasjonar[endre | endre wikiteksten]

Der finst få historiske kjelder om Sapfo. Nokre av dei eldste biografiske notisane om henne finst i Oxyrhynkhos-papyrusen frå år 200, samt i det bysantinske oppslagsverket Suda frå år 900. I tillegg er diktaren nemnt hjå Platon omkring år 300 f.v.t.. Trass i mangelen på samtidige kjelder, reknar ein like fullt med at ho vart fødd rundt år 630 f.v.t. og at ho døydde om lag år 560 f.v.t.. Av konkrete hendingar i livet hennar, er eksiletSicilia det mest kjende i dag. Dette kom i stand ved at Sapfo sjølv, saman med diktaren Alkaios stødde ein viss Pittakos i opprøret mot tyrannen Myrsilos på Mytilíni. Pittakos sveik dei to diktarane og slo seg saman med Myrsilos ca. år 605 f.v.t., noko som gjorde at Sapfo og dei andre opprørarane vart forviste; fyrst åt Pyrra på Lésvos, seinare altså åt Sicilia. Omkring år 585 f.v.t. gav Pittakos amnesti åt dei forviste, og Sapfo kunne såleis reise heim åt Mytilene. Der heldt ho fram som lyrikar fram til ho døydde, og ho og Alkaios er kjent i ettertida som dei fremste aioliske diktarane.

På grunn av dei usikre biografiske dataa, har det i ettertida kome fram ei rad spekulasjonar kring Sapfo, for det meste basert på lesingar av dikta hennar. Når det gjeld familiebakgrunn, har ein, ut frå Oxyrhynkhos-papyrusen, gått ut frå at ho var dotter av Skamander og hadde tre brør. Ifølgje Suda var Sapfo gift med den rike kjøpmannen Kerkylas frå Ándros. Oxyrhynkhos og Suda seier begge at Sapfo hadde ei dotter som heitte Kleis. Desse opplysningane blir rekna som usikre av fleire grunnar; der er fleire hundre år mellom Sapfo og kjeldene, og namnet Kerkylas kan vera eit tullenamn som ikkje stemmer i det heile med Sapfo sin verkelege sivilstatus. Opplysninga om Kleis er mest sannsynleg henta frå eit fragment der Sapfo nemner henne, men fragmentet kan like gjerne vera ein lovsong åt ei ung, kvinneleg elskarinne som åt ei dotter.

Alkaios og Sapfo på ein vase frå om lag 470 f.Kr.

Ut frå Sapfo sine dikt, reknar ein med at ho var det ein i dag vil kalla homoseksuell, og at ho hadde fleire kvinnelege kjærastar som er nemnde i nokre av fragmenta. Den moderne termen lesbisk for ei homofil kvinne stammar faktisk frå denne oppfattinga, i og med at Sapfo kom frå Lésvos og vart kalla «Den lesbiske diktaren». I tillegg har Sapfo inspirert det mindre brukte uttrykket «Sapfisk kjærleik» som betyr kjærleik mellom kvinner. Ei vanleg misoppfatting er derimot at Sapfo styrde ein slags kostskole for jenter etter ho kom att frå eksil. Der finst ikkje noko prov for denne påstanden i dei bevarte fragmente, og oppfattinga kjem sannsynlegvis frå det viktorianske England. Å framstille Sapfo som skolebestyrar var ein måte å gjera ho fordøyeleg på for eit publikum som tykte homofili var umoralsk. Ikkje desto mindre liver denne tanken framdeles, og har nå smelta saman med den moderne aksepten av homoseksualitet.

Det blir òg fortald at lyrikaren skal ha hoppa frå den levkadiske klippa som eit resultat av ulykkeleg kjærleik åt ein viss Phaon. Dette er mest sannsynleg òg ei oppfinning.

Endeleg er Sapfo kjend for å ha oppfunne plekteret, ein reiskap brukt til å spela på strengeinstrument den dag i dag. Dette er også ein usikker påstand, men Sapfo blir likevel rekna som ein av dei fyrste til å bruke plekteret, i staden for å plukke på strengene med fingrane.

Verk og overlevering[endre | endre wikiteksten]

Papyrus-fragment som inneheld diktet «Om alderdom».
Foto: Masur

Sapfo skreiv lyriske dikt som ho sjølv akkompagnerteinstrumentet lyre; der vi har det moderne ordet lyrikk frå. Ho skal ha skrive ni bøker med lyriske dikt. I dag kjenner ein like fullt verka hennar einast gjennom fragment; berre eitt dikt, «Hymna åt Afrodite», er vorte bevart fullstendig. Dette kjem i stor grad av at Sapfo skreiv på den aioliske dialekten og ikkje på attisk eller homerisk, som var dei språka det var vanlegast å studere frå romartida og utover. Dette førde til at det vart laga få kopiar av dikta hennar, og dei fleste er såleis forsvunne i dag. I tillegg er det vanskeleg å gjendikte Sapfisk lyrikk åt moderne språk, av di den munnlege framføringa var særs viktig på Sapfo si tid, og ein er usikker på korleis gammalgresk lét. Den nyaste norske attdiktinga av Sapfo sine verk vart gjort av Svein Jarvoll i 2003.

Dikta er ofte fast metriske, og Sapfo er av dei fyrste til å nytte lyriske verkemiddel som framleis er i alminneleg bruk i dag. Ho utvikla òg ein særskilt type metrikk som i dag er kjend som «sapfisk metrikk». Denne metrikken kan illustrerast slik:

- u - X - u u - u - -
- u - X - u u - u - -
- u - X - u u - u - -
- u u - -

der - tyder ei lang staving, u tyder ei stutt, og X kan vera begge delar. Tre av linene er like, medan den fjorde representerer eit brot. Denne linedelinga er best kjend frå «Hymna åt Afrodite", som er nemnd ovanfor.

Litteraturhistorisk er det interessant å merkje seg at Sapfo var nyskapande når det gjeld fleire sider av lyrikken hennar. I ei tid da det meste av lyrikken vart skrive frå perspektivet åt gudar og muser, var Sapfo med i ei heil bølgje av greske lyrikarar som tok til å skrive frå ein individuell synsvinkel. Kjærleik og personleg tap er gjennomgangstema i Sapfo sin poesi, noko som òg heng i hop med at mange av dikta vart skrivne åt ulike festar, slik som religiøse festar og vigslar. Såleis er Sapfo òg ein av dei fyrste kjærleiksdiktarane i europeisk litteratur.

Tekstdøme

Månen er allereie gått ned,
Pleiadane òg. Det er midt på
natta, stunda dreg forbi;
sjølv ligg eg aleine i senga.

Ettermæle og påverknad[endre | endre wikiteksten]

«Sapho», måleri av Gustav Klimt

Sapfo vart hylla i samtida som ein særs gåverik diktar. Platon kalla henne «den tiande musa» medan romarar som Catullus, Horats og Ovid var inspirerte av henne. Også filosofen Aristoteles nyttar talefigurar og eksempel frå Sapfo i verket Retorikken, og mange antikke Sapfo-referansar er skrivne av akademikarar som nyttar verka åt Sapfo for å illustrere litterære eller filosofiske poeng. Solon skal ha sagt dette om Sapfo sin lyrikk: «Eg vil lære dette og døy.». Poeten Antipater frå Tessalonike haldt dessutan Sapfo for ei av dei «jordlege musene».

Sapfo blir referert til i diktet «Childe Harold's Pilgrimage» av Lord Byron på denne måten:

And onward viewed the mount, not yet forgot,
The lover's refuge and the Lesbian's grave.
Dark Sappho! could not verse immortal save
That breast imbued with such immortal fire?

Charles Baudelaire skriv òg om den lesbiske poeten i Les Fleurs du Mal, og ho er kreditert som inspirasjonskjelde for moderne, lesbiske poetar som Michael Field og Renée Vivien.

I tillegg kjem sjølvsagt innverknaden hennar på moderne ordtilfang og poesi. Her kan det nemnast at uttrykket «bittersøtt» er oppfunne av Sapfo; i fragment 130 førekjem uttrykket i forma γλυκύπικρον (glykypikron).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sapfo

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Jarvoll, Svein: Sapfo. Gyldendal Norsk Forlag, 2003.
  • Greene, Ellen (red): Reading Sappho. Contemporary Approaches. Los Angeles, London: 1996
  • Snyder, Jane McIntosh: Lesbian Desire in the lyrics of Sappho. USA: 1995

Nettstader[endre | endre wikiteksten]