Cleidopus gloriamaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cleidopus gloriamaris


Pineapplefish utanfor Fly Point i New South Wales
Pineapplefish utanfor Fly Point i New South Wales

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Beryciformes
Familie: Monocentridae
Vitskapleg namn
C. gloriamaris

Cleidopus gloriamaris er ein fiskeart i familien furukonglefiskar (Monocentridae), og den einaste medlemmen av si slekt. Det vitskaplege namnet kjem av latin gloria og maris, som tyder «venleiken frå havet».[1]

Spreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Cleidopus gloriamaris er heimehøyrande i kystområda utanfor Queensland, New South Wales og Western Australia.[2] Ein finn han på ei djupn frå 6 til 200 meter i rev og hamner.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

To fiskar av arten Cleidopus gloriamaris på Sydney Aquarium.

Cleidopus gloriamaris vert opptil 22 cm lang.[3] Han har ein fyldig og rund kropp som er nesten heilt dekt av store, ru skjel med skarpe, bakoverpeikande ryggsøyler. Hovudet er stort, med slimete groper der kantane er grove, og det er verna av solid bein. Snuten er stump og spring fram frå den breie munnen. Tennene er små og tynne, og ein finn dei på kjevane, ganebeinet og plogbeinet.[1][2] Det er to groper som inneheld bioluminescente bakteriar i underkjeven, nær kantane i munnen, og desse er skjulte når munnen er lukka.[4] Denne fotoforen er grøn på unge fiskar og vert raud etter kvart som fisken vert eldre.[5] Den fyrste ryggfinnen har 5–7 sterke ryggsøyler. Dei er ikkje festa i nokon membran og peikar annankvar til venstre og høgre. Den andre ryggfinnen har 12 mjukstrålar. Kvar bukfinne inneheld ei diger ryggsøyle, nesten like lang som hovudet, og 3–4 rudimentære strålar. Ryggsøyla i buken kan låsast medan ho er utslegen i ein viss vinkel i høve til kroppen. Gattfinnen inneheld 11–12 strålar og brystfinnane 14–15 strålar.[3][1]

Skjela på Cleidopus gloriamaris er gulkvite med svarte bakkantar som formar det karakteristiske mønsteret som har gjeve namnet til familien furukonglefisk. Leppene, kjakane og delar av kjeven er svart. Frå underkjeven til fotoforane går det ei raud stripe.[2] Arten er veldig lik dei andre fiskane i furukonglefiskfamilien, og vert av nokre plassert i same slekt som dei andre i denne familien. Cleidopus skil seg frå Monocentris-slekta ved at han har eit smalt bein utanfor augehòla og på same stad som lysorgana, medan dette ligg nær spissen av underkjeven på fiskane i Monocentris-slekta.[4] Arten skil seg også frå Monocentris japonica ved at han har ein rundare snute.[5]

Biologi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Grunna dei små finnane og det stive vernet, er Cleidopus gloriamaris dårleg til å symje.[1] Sidan han er ein nattfisk kan ein finne han i hòler og under stein om dagen.[6] I reservatet Fly Point Halifax Park Aquatic Preserve i New South Wales er det dokumentert at ei lita gruppe Cleidopus gloriamaris har lege under dei same steinane i minst sju år, og ei anna gruppe har lege under nokre andre steinar i tre år.[7] Om natta vågar arten seg ut på sandflatene for å få mat, ved å bruke lysorgana til å lyse opp små reker. Lyset kan også brukast til å kommunisere med andre fiskar av same art.[6] Lyset til Cleidopus gloriamaris er skapt av symbiotiske kolniar av bakterien Vibrio fischeri i fotoforane.[8] V. fischeri finst også fri i sjøvatn og vert naturleg sleppte lause frå fotoforen til Cleidopus gloriamaris, men lyset deira forsvinn berre nokre timar etter at dei er sleppte lause.[9] Arten har levd opptil ti år i fangenskap.[7]

Forhold til menneske[endre | endre wikiteksten]

Cleidopus gloriamaris er relativt vanleg på djupt vatn, men fordi han er reservert, var han i byrjinga berre kjend gjennom eksemplar som var kasta i land av stormar.[2] Fisken vert nokre gonger fanga av kommersielle trålarar, og han er populær for folk med saltvassakvarium.[10][6] Han er ganske hardfør, men må gjevast steinete gøymeplassar og levande mat.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Contributions to Australian Ichthyology» av J.D. Ogilby i The Proceedings of the Linnean Society of New South Wales For the Year 1899 (F. Cunninghame & Co., 1900).
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 The World Encyclopedia of Fishes av A. Wheeler (Macdonald & Co. (Publishers) Ltd., 1985 – ISBN 0-356-10715-9).
  3. 3,0 3,1 3,2 «Cleidopus gloriamaris» på FishBase, innhenta 30. desember 2009.
  4. 4,0 4,1 Smiths’ Sea Fishes av J.L.B. Smith, M.M. Smith og P. Heemstra (Struik, 2003 – ISBN 1-86872-890-0).
  5. 5,0 5,1 «Pineapplefish, Cleidopus gloriamaris» av M. McGrouther på Australiam Museum Fish Site (november 2004).
  6. 6,0 6,1 6,2 The Complete Burke’s Backyard: The Ultimate Book of Fact Sheets av D. Burke (Murdoch Books, 2005 – ISBN 1-74045-739-0).
  7. 7,0 7,1 «Pineapple Fish (Cleidopus gloriamaris)» av Dave Harasti i The Underwater Photo Gallery – Dave Harasti.
  8. «Classification of luminous bacteria from the light organ of the Australian Pinecone fish, Cleidopus gloriamaris» av J.M. Fitzgerald i Archives of Microbiology, volum 112, nr. 2 (mars 1977), s. 153–156.
  9. «Contribution by Symbiotically Luminous Fishes to the Occurrence and Bioluminescence of Luminous Bacteria in Seawater» av K.M. Nealson, M.G. Haygood, B.M. Tebo, M. Roman, E. Miller og J.E. McCosker i Microbial Ecology, volum 10, nr. 1 (mars 1984), s. 69–77.
  10. Pacific Marine Fishes av W. Burgess og H.R. Axelrod (T.F.H. Publications, 1973, 2. utgåve – ISBN 0-87666-123-1).
  11. «Pineapple fish – Cleidopus gloriamaris» hjå Aquariums Life.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cleidopus gloriamaris