Kontrafagott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kontrafagott

Ein kontrafagott
Treblåseinstrument
Klassifiseringsingle oboes with conical bore
Hornbostel-Sachs klassifisering422.112-71
UtviklaINCONIS nr. 13
Liknande instrument
Speleregister

Kontrafagott er det djupaste instrumentet i treblåsefamilien. Instrumentet er fyrst og fremst brukt i store symfoniorkester, og har ein svært avgrensa sololitteratur. Eit eksempel på kontrafagotten som solo-instrument i symfoniorkesteret finst i Maurice Ravels Gåsemor (Ma mere l'oye). Han har òg framståande parti i bl.a. Ravels Klaverkonsert for venstre hand, og i operaene Salome av Richard Strauss og «Wozzeck» av Alban Berg. Kontrafagotten kling éin oktav under den vanlege fagotten (Sub-kontra Bb/A - c1), og har ein djup, litt celloaktig klang.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kontrafagott produsert i Wien i første halvdel av 1800 -tallet

Dei eldste kontrafagottane stammar frå midten av 1700-talet. Joseph Haydn var den fyrste viktige komponisten som skreiv eigne stemmar for kontrafagott, f.eks. i Skapinga. Seinare har komponistar som Ludwig van Beethoven, Johannes Brahms, Claude Debussy, Maurice Ravel, Igor Stravinskij og Dmitrij Sjostakovitsj brukt kontrafagotten mykje i orkestermusikken. På den andre sida har andre store komponistar som f.eks. Wolfgang Amadeus Mozart, Peter Tsjaikovskij og Jean Sibelius ikkje brukt instrumentet i det heile tatt.

Instrumentet har som andre treblåseinstrument gjennomgått ein kontinuerleg utvikling i både klang, intonasjon og tekniske moglegheiter. Først dei siste tiåra på 1900-talet oppstod ein viss sololitteratur for instrumentet. Susan Nigro har spelt inn fleire soloplater på kontrafagott, og i 2006 uroppførte Lewis Lipnick ein kontrafagottkonsert av Kalevi Aho med Bergen Filharmoniske Orkester. Ein komponist som har gitt tydelege bidrag til kontrafagottlitteraturen er norske Terje Bjørn Lerstad.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Kontrafagottar blir laga av lønnetre. Det har opp gjennom historia vore gjort eksperiment med andre tresortar, alt frå pappmasjé til messing. I Frankrike blei kontrabass-sarrusofoner i ein periode brukt i staden for kontrafagott i orkesteret, derfor er ein del av dei stemmene som i dag blir spelt på kontrafagott, f.eks. i verk av Debussy, eigentleg skrivne for kontrabass-sarrusofon. Kontrafagott er eit dyrt instrument, og dei fleste er eigd av profesjonelle orkester og musikkhøgskular og konservatorium. Det er ikkje vanleg å ha kontrafagott i korps og amatørorkester, sjølv om det finst unntak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]