Dei låge Beskidane
| Dei låge Beskidane | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | Busov (Slovakia) (1002 moh) |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Dei ytre austlegeKarpatane |
Dei låge Beskidane eller Dei lågare Beskidane (polsk Beskid Niski, slovakisk Nízke Beskydy) er ein del av fjellkjeda Beskidane i Dei ytre austlege Karpatane søraust i Polen og nordaust i Slovakia. Det er ein åslendt region i Prešov i Sanok fylke og Jasło fylke mellom Busov, Ondavská vrchovina, Laborecká vrchovina, Beskydské predhorie i Slovakia, Beskid Sądecki, Pogórze Bukowskie og Bieszczady nær elvane Wisłoka, Wisłok og Osława i Polen. Fjellet har to fråskilde fjelltoppar, ein på 1002 moh (Busov) og ein på 997 moh (Lackowa). Dei låge Beskidane skil Dei austlege frå Dei vestlege Karpatane.
Det opphavlege plante- og dyrelivet er bevart sidan området ligg så pass isolert. Fjellkjeda er dekka av bøkeskog og er i dag verna som ein del av Magurski nasjonalpark og Jaśliski Park Krajobrazowy. Av dyr som lever her finn ein svartstork, rådyr og ulv.
Innhaldsliste |
[endre] Inndeling
Det finst fleire forskjellige måtar å dele inn Beskidane på, og det finst fleire forskjellige definisjonar:
- Busov (Slovakia)
- Ondavská vrchovina (Slovakia)
- Laborecká vrchovina Slovakia),
- Beskydské predhorie (Slovakia)
- Góry Grybowskie - nær elvane Kamienica og Biała (Polen)
- Góry Hańczowskie - nær elvane Biała, Ropa og Zdynia (Polen)
- Beskid Gorlicki - nær elva Biała og landsbyane Radocyna, Bartne, Wołowiec
- Pasmo Magurskie - fjellkjedene Magura Wątkowska og Małastowskie
- Beskid Dukielski - mellom elvane Wisłoka og Tabor (Polen)
- Gniazdo Jawornika - mellom elvane Jasiołki i Wisłoka (Polen)
- Pasmo Bukowicy og Kamienifjellet - mellom elvane Wisłok og Osławica
- Pasmo graniczne - nær elva Bełcza, (Polen)
- Wzgórza Rymanowskie - nær elva Tabor (Polen)
[endre] Historie
[endre] Beskid Niski i Polen
Regionen vart mykje kjempa om mellom Polen, Kievriket og Ungarn frå minst 800-talet. Fram til 1947 var 45 % av folkesetnaden i fjella lemkarar og dolinianarar, 45 % polske høglendarar og 10% jødar. Drapet av den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at lemkarane vart flytta frå området, den såkalla Operasjon Wisła.
[endre] Nízke Beskydy i Slovakia
Dagens Nízke Beskydy har vore busett sidan steinalderen. Dei slaviske forfedrane til slovakane flytta gradvis til området Humenné og Bardejov under den store folkevandringa som starta på 400-talet. Ein intensiv og organisert busetjing av området starta på midten av 1200-talet etter mongolane hadde plyndra området. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1240-talet då munkar frå Bardejov klagde til kong Béla IV om brot på bygrensene av Prešov.
[endre] Landsbyar
Viktig landsbyar i regionen er:
- Bardejov
- Humenné
- Svidník
- Medzilaborce
- Stropkov
- Giraltovce
- Bukowsko
- Grybów
- Gorlice
- Iwonicz Zdrój
- Rymanów-Zdrój
[endre] Etniske grupper
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Low Beskids» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2008.
- Prof. Jerzy Kondracki. Geografia fizyczna Polski Warszawa : Państ. Wydaw. Naukowe , 1988, ISBN 83-01-02323-6.
- Prof. Jadwiga Warszyńska. Karpaty Polskie : przyroda, człowiek i jego działalność ; Uniwersytet Jagielloński. Kraków , 1995 ISBN 83-233-0852-7.