Den austerriksk-tyrkiske krigen (1716–1718)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den austerriksk-tyrkiske krigen vart utkjempa mellom Austerrike og Det osmanske riket frå 1716 til 1718.

Freden i Karlowitz (1699) vart ikkje akseptert som ein langvarig avtale for Det osmanske riket. Tolv år etter Karlowitz, byrja tyrkarane det langvarige målet om å hemne nederlaget i slaget ved Wien i 1683.

Først slo armeen til den tyrkiske storvesiren Baltacı Mehmet den russiske armeen til Peter den store i den russisk-tyrkiske krigen (1710–1711). Så gjenerobra den nye storvesiren Damat Ali Morea frå venetianarane i 1715 i den osmansk-venetianske krigen (1714–1718),

Som ein reaksjon truga Austerrike, som var garantist for freden i Karlowitz, Det osmanske riket, men som svar erklærte Det osmanske riket krig mot Austerrike.

I 1716 slo prins Eugene av Savoie tyrkarane i Petrovaradin. Banaten og hovudstaden Timişoara vart erobra i oktober 1716. Året etter, etter at austerrikarane erobra Beograd, ønskte tyrkarane fred og i 1718 signerte dei freden i Passarowitz. Austerrikarane fekk halde kontroll over Beograd og freden i Passarowitz stadfesta områda dei vann i 1699, slik at tyrkarane no stod att med kontroll over sørbreidda av Donau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]