Den ungarske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brønnar i Hortobágy Puszta

Den store ungarske sletta, eller berre Den ungarske sletta, Store Alföld eller Alföld (ungarsk Alföld eller Nagyalföld, slovakisk Veľká dunajská kotlina, rumensk: Câmpia Tisei, serbisk og kroatisk: Panonski basen eller Панонски басен - Den pannoniske sletta) er ei slette eller eit bekken som ligg i sørlege og austlege delar av Ungarn. Ho strekkjer seg òg inn i austlege delar av Slovakia (Východoslovenská nížina - Det austslovakiske låglandet), sørvestlege delar av Ukraina (Zakarpats'ka nyzovyna - Det transkarpatiske låglandet), vestlege delar av Romania (med forskjellige namn), nordlege område av Serbia, og austlege delar av Kroatia (med forskjellige namn). Sletta utgjer den største delen av Den pannoniske sletta.

Grenser[endre | endre wikiteksten]

Ho grensar til Karpatane i nord og aust, dei transdonauske og kroatiske fjella i sørvest, og om lag elva Sava i sør.

Store Alföld i Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Ein gård i Alföld, 1800-talet av Géza Mészöly

Sletta dekkjer 52 000 km² av Ungarn, eller om lag 56 % av landet. Det totale arealet er rundt 100 000 km².

Dei største ungarske forfattarane som er inspirert eller assosiert med Alföld er Ferenc Móra og Zsigmond Móricz i tillegg til poetane Sándor Petőfi og Gyula Juhász.

Av ungarske vitskapsfolk som er fødd på Alföld er fysikaren Zoltán Bay, kjemikaren János Irinyi, oppfinnaren av lydlause fyrstikker, farmakologen János Kabay, fysikaren og farmasøyten Gábor Kátai, og fysikaren og pulmonologen Frigyes Korányi.

Den viktigaste elva på Alföld er Tisza.

Dei største byane og landsbyane med medisinske bad er Berekfürdő, Cserkeszőlő, Gyula, Hajdúszoboszló, Szentes og Szolnok.


Delar[endre | endre wikiteksten]

Den store ungarske sletta består av følgjande område:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]