Drivar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Ein drivar er eit slags dataprogram som gjer det mogleg for eit operativsystem å kommunisere med maskinvara i datamaskina. Typiske drivarar som vanlegvis er installert i ei datamaskin er drivarar for skjermkortet, skrivarar, datamus og eit nettverkskort.

Ein typisk drivar kommuniserer med maskinvara gjennom databussar eller kommunikasjonssubsystemet der hardvara er kopla til. Når programmvara i datamaskina kallar på ei subrutine i drivaren, sender drivaren kommandoar til maskinvarelaget. Maskinvarelaget svarar så drivaren som gjev data til programvara og kan kalla på rutinar i denne.

Drivarar vert laga spesifikt for den tiltenkte maskinvara som nyttast og for operativsystemet drivaren skal køyre på. Som regel vert det laga drivarar til dei kommersielle operativsystema, det vil seie dei ulike utgåvene av Windows. Det er ofte tilgjengelege drivarar til Macintosh også. Produsentar utviklar sjeldan drivarar for opne system som Linux/BSD. Ein er då avhengig av at uavhengige programmerarar sjølve utviklar slike drivarar. Difor kan det somme gonger vere problematisk å få nyare maskinvare, eller maskinvare som få nyttar, til å fungere i ikkje-komersielle operativsystem.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.