Dvergkivi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergkivi

Status i verda: NT Nær truga

DvergkiviIllustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Dvergkivi
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Apterygidae
Slekt: Apteryx
Art: A. owenii
Vitskapleg namn
Apteryx owenii
Gould, 1847
Utbreiing dvergkivi

Dvergkivi, Apteryx owenii, ein den minste kiviarten, opphavleg truleg frå Sørøya på New Zealand, men i dag er det meste av populasjonen funne på Kapiti Island ved sørkysten av Nordøya.

Dvergkivi har ei lengd på 35-45 cm, hannen veg 0,9-1,3 kg, hoa ca. 200 gram meir. Fjørdrakta er brungrå, med lyse horisontale striper, nebb og føter er lyse.

Det er sette ut små bestandar på ei rekkje øyar i området ved Cooksundet og Haurakibukta. I 2000 blei ca. 20 dvergkiviar sette ut i Karori-reservatet, Wellington. Dei lever i alle typar habitat på Kapiti, inkludert gjenreist skog, grasmark og kratt.[1]

Dvergkivi pleier å ete ulike virvellause dyr, andre små insekt og jamvel nokre typar frukt. Når dei beitar, rører dei seg langsamt framover, søkjer og snuser med nebbet og dei kan nokre gongar grave litt i bakken.[2]

Dei hekkar i ei utgraven hòle, i ein hol trestamme eller i tett vegetasjon. Mest vanleg legg hoa eitt egg i kullet, nokre gonger to, og hannen rugar i ein periode på 63-76 dagar. Egget veg ca. 300 gram. Etter klekking held ungen seg i reiret i fire til fem dagar før han vandrar ut etter føde.[2]

Populasjonen er estimert til totalt over 1200 individ (2012) og er stabil.[1] Forventa levealder er 45 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2012)
  2. 2,0 2,1 Heather og Robertson (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]