Egidius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgenen med hinden, måla av Hans Memling i 1491.

Den heilage Egidius er ein katolsk helgen som levde sør i Frankrike700-talet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Legenda fortel at han heldt til som einebuar i ein skog nær Nîmes med ei hind som einaste selskap. Under ei kongeleg jakt blei eremitten skada av ei pil som var meint for hjorten. Kongen, som skal ha vore visigotar, eller meir truleg frankar, fekk stor vørdnad for Egidius og lét byggja eit kloster for han.

Etter at abbeden var død og gravlagd blei det rapportert at han stod for mange mirakel. Byen som voks opp rundt grava hans, St-Gilles-du-Gard, blei ein populær pilegrimsstad, og Egidius-kulten spreidde seg over store delar av Europa.

I 1562 blei relikviane etter helgenen flytta i løynd til Toulouse for å redda dei frå opprørske hugenottar. Då kroppen forsvann gjekk òg pilegrimstalet ned, men det tok seg opp igjen då dei fleste delane av helgenen blei tilbakeførte til byen i 1862 og den opphavlege grava blei gjenoppdaga i 1865.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Egidius er kjent som Aegidius og Ægidius på latin, Aigidios på gresk, Gilles på fransk, og Giles, Ilgen, Gilgen og Till på engelsk. Minnedagen hans er 1. september, som finst på den norske primstaven som Kvernknarren.

I kunsten blir Egidius vist som ein enkel abbed med stav eller saman med ei hind. Attributten hans er ei pil.

På grunn av jaktulukka er han vernehelgen for lamme og halte, men òg for jegerar og bogeskyttarar. Vidare er han helgen for skogsarbeidarar, gjetarar, hestehandlarar, smedar, ammande mødrer som manglar mjølk og skipbrotne. Han kan verna mot tørke, brann, uvêr, galskap, mørkredsle, kreft, epilepsi og ufruktbarheit hos menneske og dyr, og skal òg kunne hjelpa til å føra fram eit godt skriftemål. Den heilage Egidius er helgen for byane Edinburgh, Graz, Nürnberg, Klagenfurt, Osnabrück, Braunschweig og Toulouse, og for dei austerrikske regionane Kärnten og Steiermark.