Erik Møinichen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Røring Møinichen måla av Matthias Stoltenberg

Erik Røring Møinichen (15. desember 17977. februar 1875) var ein norsk statsråd og amtmann.

Møinichen fødd i Trondheim, der far hans var byfut. Han tok eksamen artium ved katedralskulen i Trondheim i 1816 og vart cand. jur. i 1824. Frå 1827 arbeidde han i Justisdepartementet, som byråsjef frå 1831. 1837-42 var han ekspedisjonssekretær i Revisjonsdepartementet. Han var amtmann i Akershus frå 1842 til 1855.

I si tid som amtmann vart Møinichen fleire medlem av utval nedsett av statsleiinga. Han var 1845 medlem av ein kongeleg kommisjon om kommunikasjon, med særleg blikk på spørsmålet om jarnbane mellom Christiania-Øyeren-Mjøsa. År 1850 reiste han til England og forhandla med jarnbanebyggjarar om bygginga av bane mellom Christiania og Mjøsa. 1846 var han på fengselskongressen i Frankfurt am Main, og 1852 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utviding av hovudstaden.

Møinichen var ordførar i Christiania 1842-43. År 1851 var han 3. representant frå Christiania og LillehammerStortinget. Han var formann i justiskomiteen og medlem av både lovkomiteen og jarnbanekomiteen. Frå 15. juli var han medlem av Lagtinget.

Møinichen vart utnemnd til statsråd i januar 1855 og styrte dei neste femten åra ulike departement. Han leia Revisjonsdepartementet 1855 og 1868-1869, Finans- og tolldepartementet 1856-57, 1858-59, 1861-62, 1865-66 og 1869-70, Justis- og politidepartementet 1857, 1857-58 samt 1866-67, Postdepartementet 1860-61 og 1861, Marine- og postdepartementet 1863-64, og hadde sete ved statsrådsavdelinga i Stockholm 1855-56, 1859-60, 1862-63, 1864-65 og 1867-68.

Møinichen vart 1859 utnemnd til riddar av St. Olavs orden for «fortjenestefull Embedsvirksomhed». Etter han gjekk av som statsråd, busette han seg i Dresden. Der døydde han i 1875.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]