Øyeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyeren
Øyeren - Kart over Øyeren
Kart over Øyeren
Stad Akershus og Østfold
Koordinatar 59°51′26″N 11°09′48″EKoordinatar: 59°51′26″N 11°09′48″E
Tilknytte land Noreg Noreg
Overflateareal 84,74 km²
Kystlengd1 165,47 km
Høgd over havet 101 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Øyeren er ein innsjø i Glomma-vassdraget. Han ligg i kommunane Enebakk, Fet og Rælingen i Akershus fylke og Trøgstad og Spydeberg i Østfold fylke.

Øyeren er den niande største innsjøen i Noreg med eit areal på 84,7 kvadratkilometer. Han ligg 101 meter over havet og er 71 meter djup. Saman med Leira og Nitelva dannar Glomma det største innlandsdeltaet i Norden i den nordlege enden av innsjøen. Delar av dette våtmarksområdet vart erklært naturreservat i høvesvis 1975 (Nordre Øyeren) og 1992 (Sørumsneset).

Demningane Bingsfossen og Rånåsfoss i Glomma er einaste hindring for småbåt-trafikk mellom Trøgstad og Fåberg ved Lillehammer. Ved å passere demninga ved Funnefoss kan småbåtar uhindra dra til Storsjøen i Odalen og til Kongsvinger kraftverk.

[endre] Fiskeartar i Øyeren

Det finnes truleg 25 fiskeartar i Øyeren[1], som dermed vert rekna som den innsjøen i Noreg med flest fiskeartar. Før oppdemminga av Glommavassdraget vart det òg laks der.[2][3]

A) Ørekyt står oppført på norsk svarteliste som ein uønska art.

[endre] Vassdrag som drenerer til Øyeren

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk