Eskişehir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eskişehir
by
Bydelen Tepebaşı om vinteren.
Land  Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Eskişehir
Høgd 788 moh.
Koordinatar 39°47′N 30°31′E / 39.783°N 30.517°E / 39.783; 30.517
Areal 2 678,00 km²
Folketal 648,396 [1]
Folketettleik 0 / km²
Borgarmeister Yılmaz Büyükerşen
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 26 xxx
Retningsnummer (+90) 222
Kart
Eskişehir
39°46′36″N 30°31′14″E / 39.776666666667°N 30.520555555556°E / 39.776666666667; 30.520555555556
Wikimedia Commons: Eskişehir
Nettstad: http://www.eskisehir-bld.gov.tr/

Eskişehir (latinsk Dorylaeum; gammalgresk Δορύλαιον, Dorýlaion) er ein by nordvest i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Eskişehir. Byen har 648 396 innbyggjarar.[2] Han ligg ved breidda av Porsuk, 792 meter over havet, ovanom den frodige Frygiadalen. I dei nærliggande åsane finn ein varmekjelder. Eskişehir ligg 233 km vest for Ankara, 330 km søraust for Istanbul og 78 km nordaust for Kütahya. Han er kjend som ein universitetsby og både Eskişehir Osmangazi universitet og Anadolu universitet ligg i Eskişehir.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Eskişehir har eit kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar med ein middeltemperatur på 0 °C og varme, tørre somrar med ein middeltemperatur på 30 °C. Det kjem mest regn om våren og hausten. I Köppen si klimaklassifisering har Eskişehir eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] På grunn av høgda har Eskişehir tørre somrar med kjølige netter. Nedbørmengdene er låge, men ein kan få nedbør året rundt.

Vêrdata for Eskişehir
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3,8 6,2 11,2 16,4 21,8 25,9 28,9 29,2 25 19,8 12,4 5,5 17,2
Gjennomsnittleg min °C −4,1 −3,9 −1,5 2,8 6,9 10,4 13,1 13 8,4 4,4 0,3 −2 4
Gjennomsnittleg nedbør mm 39,8 28,7 31,5 43,2 44,2 25,9 12,7 9,4 15,6 30,4 34,5 44 359,9
Gns. solskinstimar i månaden 77,5 140,6 158,1 183 260,4 309 353,4 331,7 267 186 123 65,1 2 454,8
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[4]Weather2[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Eskişehir tyder direkte omsett «gammal by» på tyrkisk. Byen vart grunnlagt av frygarane. Mange frygiske gjenstandar og skulpturar finst enno i det arkeologiske museet til byen. På 300-talet vart byen flytta ca. ti km nordaust, frå Karacahisar til Şehirhöyük.

Når det vart nemnt av gamle geografar, vart byen skildra som ein av dei venaste i Anatolia.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det finst to universitet i Eskişehir. Desse er Anadolu universitet og Eskişehir Osmangazi universitet. Borgarmeisteren Yılmaz Büyükerşein har vore rektor på Anadolu universitet.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Klubb Sport Stiftet Liga Hjemmebane
Eskişehirspor Fotball 1965 Turkcell Super League Eskişehir Atatürk stadion
Anadolu University Basketball ? Turkish Basketball League 2 Anadolu University Sports Hall

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Eskisehir frå Wikivoyage