Fai rumore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Fai rumore» (norsk omsetjing 'lag støy') er ein italiensk popballade, skriven og framført av den italienske songaren Diodato. Han vart utgjeven 7. februar 2020 og var eit av hovudspora på albumet Che vita meravigliosa.[1] Songen vann den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen, i 2020. «Fai rumore» skulle ha vore det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men EBU valde til slutt å avlyse Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2] I mars 2020 selde songen til platina i Italia, den fyrste platinatroféen til Diodato.[3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Fai rumore» er skriven av den italienske songar-låtskriveren Diodato i samarbeid med Edwyn Roberts. Han vart framført for fyrste gong under den italienske songfestivalen San Remo-festivalen i februar 2020.

Teksta handlar om lengsle og sakn mellom to menneske. «Eg kom tilfeldigvis bort frå ein person, og det er stiller som forsterkar avstanden. Songen handlar om at ein treng litt støy frå den andre parten. Det kan vere ein søt støy, men det viktigaste er å bli høyrd, elles kan stilla forsterka det negative», sa Diodato i eit intervju.[4]

Tittelen tyder direkte omsett 'du lagar støy', og viser til at du må gjerne lage støy for meg. Songaren spør seg om denne støyen er bra for han, men han konkluderer med at støyen i alle fall er betre enn den «unaturlege stilla mellom meg og deg».[5]

San Remo-festivalen 2020[endre | endre wikiteksten]

«Fai rumore» var ein av deltakarane i San Remo-festivalen 2020, den største musikktevlinga i Italia. «Fai rumore» vann til slutt finalen 8. februar med 39,3 prosent av røystene, mykje takka vere pressejuryen som hadde han som klår favoritt. I telefonavrøystinga låg han sist av dei tre finalesongane. Songen vann òg kritikarprisen «Mia Martini» og presseprisen «Lucio Dalla».[6][7]

Eurovision Song Contest 2020[endre | endre wikiteksten]

Som vinnar av San Remo-festivalen tilbaud kringkastaren Rai Diodato å representere Italia med songen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam.[8] Diodato takka ja til tilbodet, og «Fai rumore» vart dimed det italienske bidraget i tevlinga.[9] Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, hadde Italia vore direktekvalifisert til finalen laurdag 16. mai 2020.[10] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[11][12][13]

Italia vart sjølv hardt ramma av pandemien, og heile Italia vart sendt i karantene i midten av mars. «Fai rumore» var ein av songane som italienarane song frå balkongane sine for å halde motet oppe under karantenen.[14][15]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Ein musikkvideo vart spelt inn og publisert samstundes med lanseringa av songen i februar 2020. Videoen er regissert av Giorgio Testi.[16][17]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Che vita meravigliosa by Diodato». Apple Music. Henta 9. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «🇮🇹 Diodato's "Fai Rumore" goes platinum in Italy» (på engelsk). 17. mars 2020. Henta 21. mars 2020. 
  4. «Intervista: DIODATO - Fai Rumore è un invito a far sentire la propria umanità» (på italiensk). 7. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  5. «Diodato - Fai rumore lyrics + English translation» (på engelsk). Henta 11. februar 2020. 
  6. «I vincitori dei Premi Dalla, Bardotti, Bigazzi e TIMmusic a Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 11. februar 2020. 
  7. «Diodato vince il premio della critica Mia Martini» (på italiensk). 9. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  8. «Italy: Diodato wins Sanremo 2020!». www.eurovision.tv. 9. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  9. «Diodato – Italy». eurovision.tv. Henta 12. februar 2020. 
  10. «It's official! Diodato will represent Italy at Eurovision 2020 with "Fai rumore"» (på engelsk). 9. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  11. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  12. «L'Italia fa rumore: dai balconi si canta la canzone vincitrice di Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 21. mars 2020. 
  13. Kourouvanis, Fotis (15. mars 2020). «Italy: "Fai Rumore" on the streets because of the coronavirus» (på engelsk). Henta 21. mars 2020. 
  14. «L'Italia fa rumore: dai balconi si canta la canzone vincitrice di Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 21. mars 2020. 
  15. Kourouvanis, Fotis (15. mars 2020). «Italy: "Fai Rumore" on the streets because of the coronavirus» (på engelsk). Henta 21. mars 2020. 
  16. «Festival di Sanremo 2020, Diodato: “Auguri di buon compleanno Ozpetek!”». Henta 11. februar 2020. 
  17. «Diodato - Fai Rumore (Video Ufficiale) [Sanremo 2020]» (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2020.