Turks- og Caicosøyane
|
|||||
| Status | Britisk oversjøisk territorium | ||||
| Dronning Guvernør |
Elizabeth II Ric Todd |
||||
| Hovudstad | Cockburn Town | ||||
| Offisielt språk | Engelsk | ||||
| Areal - % vatn |
417 km² ubetydeleg |
||||
| Folketal - totalt |
ca. 21 746 (2007) |
||||
| Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) | ||||
| Internet-domene | .tc | ||||
| Tidssone | UTC -5 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +1-649 | ||||
| Nasjonalsong | God Save The Queen | ||||
Turks- og Caicosøyane er eit britisk oversjøisk territorium i Karibia som omfattar to øygrupper, Turksøyane og Caicosøyane. Arealet er 417 km² og folketalet 21 746 (2007) Øyane ligg aust for Bahamas og nord for Hispaniola. Territoriet omfattar 8 større og meir enn 20 små øyar. Det store fleirtalet av folket er svarte, og protestantiske kristne.
Turks- og Caicosøyane var mellom dei første landområda i Amerika som vart vitja av europearar etter at Christopher Columbus kom dit, kanskje vart dei vitja av Columbus sjølv alt i 1492. Øyane vart ikkje koloniserte før mot slutten av 1600-talet, og først i 1799 vart dei annekterte av Storbritannia, som del av kolonien Bahamas.
Sidan 1917 har det til tider dukka opp forslag om at Turks- og Caicosøyane skal bli del av Canada, og dette forslaget vart igjen drøfta i 2004,[1] men har så langt ikkje blitt noko av.