Det britiske territoriet i Indiahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
British Indian Ocean Territory
Flagget til territoriet
Flagget til territoriet
Våpenet til territoriet.
Våpenet til territoriet.
Flagg Våpen
Territoriet på verdskartet
Territoriet på verdskartet
Status britisk oversjøisk territorium
Kong
Kommissær
Administrator
Charles III
Paul Candler
Balraj Dhanda
Hovudstad Diego Garcia
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

54,400 km²

99,89%

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 3000 (2018)
ca. 50/km²

Verdsdel Asia
Internet-domene .io
Tidssone UTC +6
Internasjonal telefonkode +246
Nasjonalsong «God Save the King» (offisielt)
«I Vow To Thee, My Country»

Det britiske territoriet i Indiahavet (BIOT: The British Indian Ocean Territory) er eit britisk oversjøisk territorium som ligg i Indiahavet, midt mellom austkysten av Afrika og Indonesia, ca 1600 km sør for India.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Territoriet vart danna i 1965, då Storbritannia skilde Chagosøyane frå kolonien Mauritius, og skilde Aldabra, Farquharøyane og Desroches frå Seychellane i eitt territorium. Den 8. november 1965 vart det britiske territoriet i Indiahavet offisielt skipa. Føremålet var å byggja opp ein militærbase til nytte for både Storbritannia og USA, særleg med tanke på den kalde krigen og Vietnamkrigen. Denne ligg på den største øya i territoriet, Diego Garcia, som gjeld som hovudstad. Mauritius gjer også krav på øyane.[1]

Seychellane vart ein sjølvstendig stat den 23. juni 1976 blei Aldabra, Farquharøyane og Desroches underlagt den unge øystaten. Sidan den gongen har det britiske territoriet i Indiahavet bestått av Chagosøyane åleine. Dei mest kjende av desse øyane er Diego Garcia, Peros Banhos, Salomonøyane, Eagleøyane og Egmontøyane. Om lag 96 % av innbyggjarane i territoriet i dag er britar eller USA-amerikanarar.

Tvangsflyttinga av chagosøybuarane[endre | endre wikiteksten]

Diego Garcia, med militærbasen.

Før det britiske territoriet i Indiahavet vart skipa, budde det ei lita folkegruppe på Chagosøyane, kjend som Ilois. Desse var etterkomarar etter slavearbeidarar som vart innført til øyane på 1700-talet då dei vart brukt som ein kokosnøttplantasje. Etter skipinga av territoriet kjøpte britane opp kokosselskapet som var svært viktig for næringslivet her, og la det deretter ned. Innbyggjarane vart også forsøkt skremde, mellom anna ved at alle hundane på øya vart slakta av britane som eit trugsmål.

Frå 1966-1970 tok britane dei om lag 2000 opphavlege innbyggjarane på Chagosøyane og tvangsflytte dei til det som i dag er Mauritius og Seychellane. Ifylgje Reuters skjedde tvangsflyttinga gjerne i løynd. Innbyggjarane kunne bli fortalt at dei skulle på ferietur til Mauritius, og vel framme fekk dei meldinga om at dei ikkje fekk koma heim att.[2] Dei vart også fråtekne retten til å venda attende.[1]

Chagosøybuarane, som hadde vore fiskarar eller kokosnøttarbeidarar, greidde seg ofte dårleg på det urbaniserte Mauritius. Mange av dei enda opp i fattigdom, blei lovbrytarar eller døydde.[2] Dei siste av Chagosøybuarane vart tvangsflytte i 1973 med den norske båten «Nordvær», som britane hadde kjøpt av eit reiarlag i Bodø.[3]

I åra som fylgde har dei opphavlege Chagosøybuarane og etterkomarane deira, om lag 5000 menneske, kjempa for retten til å venda heim att. Hausten 2000 avgjorde høgsterett i London at forvisinga av øybuarane var ulovleg, og at innbyggjarane iallfall kan venda attende til Salomonøyane og Peros Banhos. Etter 2002 har dei rett til britisk pass.[1] I 2004 produserte John Pilger dokumentarfilmen Stealing a Nation som skildrar historia til Chagosøybuarane.[4] I 2004 nytte Storbritannia eit kongeleg dekret til å forkasta høgsterettsdomen frå 2000. I 2006 erklærte høgsterett for andre gong at Chagosøybuarane kan returnera. Storbritannia klaga på også denne domen, men høgsterett forkasta klagen i 2007. Dette gjeld likevel truleg ikkje øya Diego Garcia av di militærbasen der er av stor interesse for USA, og har vore sentral i krigen mot Irak og Afghanistan.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det britiske territoriet i Indiahavet