Fiordland National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiordland National Park
Ein inngang til Fiordland National Park
Ein inngang til Fiordland National Park
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Southland
Oppretta 1952
Geografi
Koordinatar 45°25′″S 167°43′″EKoordinatar: 45°25′″S 167°43′″E
Næraste by: Te Anau
Plassering
Fiordland National Park is located in New Zealand
Fiordland nasjonalpark på Sørøya, merkt med grønt.

Fiordland National Park omfattar det sørvestlege hjørnet av SørøyaNew Zealand. Det er den største av dei 14 nasjonalparkane på New Zealand, og har eit areal på 12 500 km², og utgjer den største delen av verdsarvområdet Te Wahipounamu World Heritage site. Nasjonalparken vert administrert av det newzealandske Miljødepartementet, Department of Conservation (DOC).

Geografiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Milford Sound: Mitre Peak, fjellet til venstre, stig 1692 meter over sjøen.
Austre Fiordland på New Zealand
Sheerdown Peak nær enden av Milford Track.
Nær Te Anau

Under istida grov isbrear ut mange djupe fjordar, den best kjende og mest vitja av desse er Milford Sound. Andre kjende fjordar er Doubtful Sound og Dusky Sound. Frå ein av tindane i Fiordland National Park kan ein sjå Mount Aspiring/Tititea langt mot nord[1].

Kystlinja i Fiordland er bratt og oppriven, og fjordane går ut frå dalane i dei sørlege høgdedraga i Søralpane, slike som Kepler og Murchison Mountains. I den nordlege delen av nasjonalparken reiser fleire tindar seg over 2 000 meter over havet.

Erosjonen som isen førte med seg, har skilt fleire øyer frå Sørøya, av desse dei to store, ubygde øyene, Secretary Island og Resolution Island. Fleire større innsjøar ligg heilt eller delvis innanfor grensene til parken, dei største er Lake Te Anau, Lake Manapouri, Lake Monowai, Lake Hauroko og Lake Poteriteri. Fossen Sutherland Falls, sørvest for Milford Sound ved Milford Track, er mellom dei høgaste fossefalla på jorda.

Den dominerande vestlege vindretningen blæs fuktig luft frå Tasmanhavet mot fjella, og nedkjølinga av lufta skapar store nedbørsmengder, meir enn sju meter årleg i mange delar av parken. Dette byggjer opp dei frodige tempererte regnskogane i økoregionen Fiordland.

Vegetasjon og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet i dette området inkluderer delfinar, selar og fuglar. Av innførde artar finst mus, hare og hjort. Blant fuglane er kakapo, den einaste papegøyearta i verda som ikkje kan flyga. Der er òg kiviar (Apteryx), som er stadeigen på New Zealand. Parken er tett tilvaksen av tre frå sydbøkfamilien; eit stort utval av underskogsbusker og bregnar veks her, til dømes bjønnkam, Blechnum discolor[2].

Offentleg tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Vegsambandet til Fiordland er avgrensa til Milford Road (SH 94), som går nord frå Te Anau, utanom parken, før han går inn i han att nær utspringet til Eglinton River. Derfrå kryssar vegen det nordvestlege hjørnet til parken, til han endar ved Milford Sound. Sør for Te Anau er det samband til Manapouri gjennom ein mindre veg. Ein mindre veg bind Doubtful Sound saman med den vestlege kanten av Lake Manapouri via Wilmot Pass.

Småfly- og helikoptertenester gir samband med Milford Sound, som også har ein småbåtmarina.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Parken er eit populært reisemål for fjellklatrarar og særleg for fotturistar langs rutene Milford, Kepler, Hollyford og Routeburn Track, som alle ligg innanfor eller nær parken.

Fiordland er eit utfordrande mål for fotturistar. Der er få merkte stiar, og fotturistar som går utanom stiane må gjerne halda seg på dyretråkk. Sandfluger, overfløyming og dårleg vêr er ikkje uvanleg.

Andre turistar vert trekte til andre område, som til dømes Milford Sound.

Mogeleg gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

Den noverande regjeringa på New Zealand har kome med framlegg om at somme område i Fiordland National Park kan verta opna for gruvedrift og mineralleiting. Desse områda omfattar mellom anna Waitutu forest i det sørlege Fiordland.

Jakt frå helikopter[endre | endre wikiteksten]

Det vart innført hjort til New Zealand i 1850-åra, og dyra spreidde seg etter kvart til Fiordland. På 1920-talet konkurrerte store flokkar hjortedyr om beite med sauer og storfe, og dette førte til press frå landbruksorganisasjonane mot styresmaktene, for å få redusert talet på hjort. Hjortejegrar vart leigde inn av innanriksdepartementet for å skyta ned hjort ukritisk og minska bestanden. Kostnadane vart dekte gjennom sal av hjortehuder.

Tidleg på 1960-talet vart det etablert in internasjonal marknad for viltkjøt, og då det ikkje var restriksjonar på jakta, etablerte jegerar seg i den ulendte parken, og brukte pakkhestar, jetbåtar og småfly for å få fangsten ut til marknadane. Eksperiment med skyting av vill hjort frå helikopter vart svært vellukka, og ein konkurransedyktig industri stod fram basert på denne jaktmetoden. Seint på 1970-talet var hjortebestanden i Fiordland vorte sterkt redusert, og kombinert med aukande hjortefarming har dette redusert den luftborne jakta i nasjonalparken.

Kommersiell jakt frå helikopter held i dag fram i ein redusert skala, den største marknaden er Tyskland. Dei newzealandske styresmaktene brukar helikopter for å forgifta hjort og possum ved å leggja ut store mengder av 1080-gift (Natriumfluoracetat) frå lufta, trass i ein del offentleg kritikk av ukritisk bruk av slik gift.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. New Zealand Department of Tourist and Publicity. 1906
  2. C. Michael Hogan. 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiordland National Park