Southland på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Southland
Maorispråk: Murihiku
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of Southland Region.png
Regionstyre
Namn: Environment Southland
Leiar: Stuart Collie
Folketal: 93 800
(estimat juni 2008)
Flatevidd: 30 753 km²
Heimeside: Environment Southland
Større og mindre byar
Namn: Invercargill, Gore
Distriktsstyre
Namn: Invercargill, Southland District, Gore District Council
Heimesider: http://www.icc.govt.nz/
http://www.southlanddc.govt.nz/
http://www.goredc.govt.nz/

Southland (maori Murihiku) er namnet på den sørlegaste regionenNew Zealand, og også namnet på eit distrikt i denne regionen. Regionen ligg lengst sør på Sørøya, og omfattar også den tredje største øya på New Zealand, Stewart Island/Rakiura, som ligg sør for Sørøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Southland Province (ein mindre del av den noverande regionen som låg kring Invercargill) var opphavleg ein del av provinsen Otago, men området danna sin eigen provins frå 1861 til 1870. Han gjekk då saman med Otago Province att på grunn av økonomiske vanskar, inntil provinsstyret opphøyrde i 1876.

Demografi og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i Southland ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklåringa.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Dei to største og viktigaste bymessige områda i Southland er byen Invercargill og den mindre byen Gore. Southland dekkjer eit område på 28 681 . I følgje eit estimat i juni 2008 var folketalet 93 800, noko som gjer regionen til eit av dei mest sparsamt busette områda på New Zealand. Det store vestlege området i regionen, Fiordland, er nesten utan permanent menneskeleg busetnad.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Tre distrikt (Territorial Local Authorities) ligg innanfor Southland:

Nasjonalparkar og turisme[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken Fiordland National Park, som har ei flatevidd på 7 860 km², ligg i Southland. Southland omfattar òg Stewart Island/Rakiura, der mykje av landområdet er verna som Rakiura National Park.

Turisme er ein viktig faktor i økonomien til Southland. I 2003 la tilreisande att 368 millionar NZ$, av dette 92 millionar NZ$ i Fiordland.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]