Kakapo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kakapo
Kakapo Foto: Sid Mosdell
Kakapo
Foto: Sid Mosdell
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiingskart for kakapo. ██ Maksimal utbreiing etter 1840██ Fossile funn
Utbreiingskart for kakapo. ██ Maksimal utbreiing etter 1840██ Fossile funn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Kakapofamilien Strigopidae
Slekt: Strigops
Art: Kakapo S. habroptila
Vitskapleg namn
Strigops habroptila

Kakapo, Strigops habroptila, (maori kakapo, tyder 'nattpapegøye'), òg kalla uglepapegøye,[1] er ein stor, sterkt utryddingstrua papegøyeart utan flygeevne som er endemisk for New Zealand.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Han har ein fint flekka gulgrøn fjørdrakt, meir grøngul enn grøn på undersida. Flekkene er i gult og svart. Andletet har ei ugleliknande teikning av kjenslevare, vêrhårliknande fjører. Kakapoen har eit stort grått nebb, korte bein med store føter, og venger og hale har relativt kort lengd. Kroppslengda er ca. 63 centimeter og vekta er gjennomsnittleg 2,5 kilogram for hannfuglar og 2,0 for hoer.[3]

Ein kombinasjon av spesielle eigenskapar gjer kakapoen unik blant papegøyar; han er verdas einaste papegøye utan flygeevne, den tyngste papegøyen, han er nattleg, planteetande, syner kjønnsdimorfisme i storleik, har eit lågt stoffskiftenivå, ingen deltaking frå hannar i ungeoppfostring, og han er einaste polygyne papegøyen med fugleleik. Dette er òg moglegvis ein av fugleartane med lengst levealder i verda.[4] Anatomien syner ein typisk utviklingstendens for øyartar som lever i habitat med få predatorar og rikeleg tilgjenge på mat: han har generelt robust fysikk, med prioritering av termodynamisk effektivitet framføre evne til å flyge, reduserte flygemusklar, og ein redusert brystbeinskam på brystbeinet, sternum.[4]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein kritisk trua art, i 2005 var det berre 83 attlevande individ,[3] i februar 2012 var talet auka til 126, dei fleste har fått namn.[5] Ein felles stamfar til kakapo og slekta Nestor vart isolert frå resten papegøyeartar då New Zealand braut ut frå Gondwana, for rundt 82 millionar år sidan. 12 millionar år seinare, skilte kakapoen ut frå slekta Nestor.[6][7][8] I fråvære av rovdyr, mista han evna til å flyge. På grunn av polynesiske og europeiske koloniseringar og innføring av rovdyr som kattar, rotter, ilderar og røyskatt vart kakapo nær utrydda. Innsatsen for vern byrja i 1890-åra, men vart ikkje veldig vellykka før gjennomføringen av ein tilbakeføringsplan i 1980. Per april 2012, er overlevande kakapoar haldne på tre rovdyrfrie øyar, Codfish (Whenua Hou), Anchor Island og Little Barrier Island, der dei blir følgt tett opp.[9][10] To øyar i Fiordland, Resolution Island og Secretary Island, har vore gjenstand for store økologiske restaureringsaktivitetar for å førebu sjølvberande økosystem med eigna habitat for kakapo.

Bevaringsarbeidet har gjort arten godt kjend. Det er produsert mange dokumentarar som skildrar situasjonen for kakapo, ein av dei tidlegaste var Two in Bush, laga av Gerald Durrell for BBC i 1962. Ein langfilmdokumentar, The Unnatural History of the Kakapo[11] vann to store prisar. To av dei mest viktige dokumentarane er Kakapo - Night Parrot (1982) og To save the Kakapo (1997) produsert av eit nyzealandsk selskap. I BBC sin serie The Life of Birds med David Attenborough er det tatt med ein sekvens om kakapo. Kakapoen vart òg omtala i ein episode i BBC-dokumentarserien South Pacific.

Som mange andre stadeigne fugleartar på New Zealand, var kakapo historisk viktig for maoriane, urfolket på New Zealand, og opptrer i mange tradisjonelle legender og i folklore. Dei vart jakta og brukte som ein ressurs, både for kjøtet som matkjelde og for fjørene deira, som vart brukte til å lage høgt verdsette klesplagg. Dei vart òg nokre gonger haldne som kjæledyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «kakapo» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. H.A. Best (1984). «The Foods of Kakapo on Stewart Island as Determined from Their Feeding Sign» (PDF). New Zealand Journal of Ecology 7: 71–83. Arkivert frå originalen (PDF) 26. mai 2010. Henta 13. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  4. 4,0 4,1 Ralph G. Powlesland; Don V. Merton; John F. Cockrem (2006). «A parrot apart: the natural history of the kakapo (Strigops habroptila), and the context of its conservation management». Notornis 53 (1): 3–26. 
  5. «Kakapo Basil May Have Fathered His Last Chick». anotherchancetosee.com. 4. august 2006. Henta 13. oktober 2012. 
  6. Wright, T.F.; Schirtzinger E. E.; Matsumoto T.; Eberhard J. R.; Graves G. R.; Sanchez J. J.; Capelli S.; Muller H.; Scharpegge J.; Chambers G.K.; Fleischer R.C. (2008). «A Multilocus Molecular Phylogeny of the Parrots (Psittaciformes): Support for a Gondwanan Origin during the Cretaceous». Mol Biol Evol 25 (10): 2141–2156. PMC 2727385. PMID 18653733. doi:10.1093/molbev/msn160. 
  7. Grant-Mackie, E.J.; J.A. Grant-Mackie; W.M. Boon; G.K. Chambers (2003). «Evolution of New Zealand Parrots». NZ Science Teacher 103. 
  8. de Kloet, R. S.; de Kloet, S. R. (2005). «The evolution of the spindlin gene in birds: Sequence analysis of an intron of the spindlin W and Z gene reveals four major divisions of the Psittaciformes». Molecular Phylogenetics and Evolution 36 (3): 706–721. PMID 16099384. doi:10.1016/j.ympev.2005.03.013. 
  9. «Kakapo Habitat». Kakapo Recovery Programme. Henta 13. oktober 2012. 
  10. «Kakapo relocated to raise chicks». stuff.co.nz. Henta 13. oktober 2012. 
  11. «The Unnatural History of the Kakapo». Elwin.co.nz. Arkivert frå originalen 8. februar 2013. Henta 13. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kakapo