Fjellvåk
| Fjellvåk | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Accipitriformes | |
| Familie: | Accipitridae | |
| Slekt: | Buteo | |
| Art: | B. lagopus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Buteo lagopus | ||
| Fjellvåk | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Fjällvråk |
| Dansk | Fjeldvåge |
| Engelsk | Rough-legged Buzzard |
| Tysk | Raufußbussard |
| Fransk | Buse pattue |
| Spansk | Ratonero calzado |
| Russisk | Mokhnonogij kanjuk (Мохноногий канюк) |
Fjellvåk (Buteo lagopus) er ein mellomstor rovfugl av haukefamilien mellom 49 og 59 cm lang og med eit vengjespenn som kan variere mellom 123 og 140 cm. Arten var rekna som nær truga på norsk raudliste 2006, men ikkje truga i 2010.
Innhaldsliste |
Kjenneteikn [endre]
Han kjennast lett i flukt med ei lys underside og mørke knokkelflekkar. Fuglearten har eit kjenneleg skrik «piijæh».
Forvekslingsart [endre]
Somme tider kan ein forveksle fjellvåk med musvåk som har eit liknande skrik. Vengjeprofilen i glideflukt minner mykje om ørner, med lange og breie vengjeflater, og det kan skje forveksling med den mykje større kongeørna. Våken kan stoppe opp og stille, noko ørna ikkje kan.
Utbreiing [endre]
Fjellvåken hekkar i det sirkumpolære området — sjå kartet til venstre. Han er vanleg i Noreg og hekkar nord for Dovre og i fjellet i resten av Sør-Noreg. Bestanden varierer med tilgang på smågnagarar og med toppar i lemenår. Fjellvåken er trekkfugl og forlèt Noreg om hausten.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Svensson, Lars et al, Gyldendals store fugleguide, Gyldendal (1999) ISBN 82-05-25554-7
- Artikkel hos Nrk