Flaggspett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flaggspett


Dendrocopos major 1 (Marek Szczepanek).jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Dendrocopos
Art: D. major
Vitskapleg namn
Dendrocopos major

Flaggspett (Dendrocopos major) er ein av dei største fuglane i spettefamilien, og han liknar mykje på kvitryggspetten. Ryggen plar vere svart med ein kvit stor flekk på kvar side. Undersida er kvit med ein raud kraftig undergump. Hannen har ein raud liten flekk på nakken. Hoa har ikkje raud flekk på hovudet. Nebbet er kraftig og har ein meiseforma utsjånad. Flaggspetten er om lag 25 cm lang, og veg rundt 70–90 g.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Den mest talrike av spettane i Europa er flaggspetten. I Noreg held han seg mest i lauvskog, barskog og blandingsskog både på Austlandet og Sørlandet, medan han finst lite på Vestlandet og i Midt-Noreg. Han tilpassar seg i større grad enn mange av dei andre spettane i landet. Han er den vanlegaste spettarten i heile landet, og det er registrert over tusen par. Talet varierer mykje i takt med frøsetjinga til bartre osv. På grunn av hogst av osp som dei brukar mykje som reir, flyttar dei.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Dendrocopos major

Flaggspetten har alltid eit eige område og kan difor hekke tettare og tettare enn dei andre spettane. Reiret er ofte i osp og har ein diameter på 4,5–5,5 cm. Det ligg helst 5 m over bakken, men heilt ned i 1 m er også vanleg. Området han held til i vert alltid markert med den kjende tromminga på trestammen. Han kan også markere det ved å hakke på eit underlag som gjev god lyd. Egga blir lagde i mai. Han legg som regel 5–7 egg. Egga vert ruga av begge kjønn i 12 dagar. Dei kan også rugast heilt ned til 8–9 dagar, men det er uvanleg. Ungane vert i reiret i 21–23 dagar, og dei vert mata 14 dagar etterpå.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Han lever av frø frå gran og furu om vinteren, men kan også ete borkebiller. Det er typisk for flaggspetten å ha spettesmier, som han set fast og et frøa frå konglar. Han tek mykje insekt om sommaren, og ein del bær om vinteren. Han tek òg fuglereir frå andre fuglar.

Tilpassing[endre | endre wikiteksten]

Flaggspetten er ein standfugl. Han kan flytte langt vekk frå området han lever i.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flaggspett