Stabbur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stabbur frå Bergsrud i Sør-Aurdal, no flytt til Bautahaugen Samlinger. (Foto: John Erling Blad)

Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ein liten bygning som primært vert bruka til lagerplass for mat (oftast korn- og kjøtmat, men òg frukt nokre stader), klede og andre ting ein ikkje vil at mus, rotter og andre dyr skal ha tilgang til. Eit stabbur står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakken. Visse typar toetasjes stabbur blir mange stader kalla stabbursloft eller loft. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg mellom anna i Alpane, nordvest på Iberiahalvøya og blant indianarar i Alaska.

Byggjemåten varierer geografisk, frå laft i Russland og aust- og sentral-Skandinavia til grindbygg og stein i Spania og Portugal.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Stabbur i Sigdal.
Døme på stolpar under eit stabbur i Sigdal.

I Gulatingslova (900-talet) blir tre hus nemnte som skal stå på plass når ein leiglending forlèt ein gard: Stua, eldhuset og buret. Buret er opphavet til stabburet og er eldre enn loftet, som ikkje blir nemnt i Gulatingslova. Buret vart tidleg i mellomalderen bygd i to etasjar, og mange stader i landet vart det etterkvart sett på stolpar, slik at vi fekk stabburet slik vi kjenner det.

Stabburet var svært enkelt på dei fleste gardane, og det inneheldt eit enkelt rom; men på større gardar var bygningen gjerne svært forseggjort og gjerne forsynt med eit loft og med utsmykking.

Stabbur innvendig, med 2 mjølbyrer og ei salttynne.

Inni stabburet var det minst éi mjølbyre som var forsynt med fleire rom for lagring av ulike typar korn og mjøl. Det inneheldt òg ei salttynne for salting av kjøt. Salttynna måtte vera heilt tett, ettersom kjøtet etter kvart vart liggjande i ein saltlake. I taket var det montert krokar for opphenging av røykte og salta kjøtvarer, for eksempel fenalår og spekepølser. Stabburet var ikkje frostfritt, så ein kunne ikkje lagre varer som vart øydelagde av frost der. Om stabburet hadde to etasjar, vart korn og mjøl lagra oppe, mens kjøt vart lagra nede.

Sjølve bygningen vart plassert på stolpar, ca 1–1,5 meter over bakken. Dette vart gjort av to grunnar:

  • for å få lufting under golvet for å hindre fuktigheit i å trenge opp fra bakken.
  • for å hindre mus og rotter frå å komma inn på lageret. Derfor var stolpane spesielt utforma med ein profil som hindra smådyr i å klatre opp. Av same grunnen var det òg ei opning på ca 30 cm frå øvste troppetrinnet og over til inngangen.

I våre dagar blir ikkje stabbura bruka som mjøllager lenger, men for å taka vare på kunst og tradisjon blir stabbur likevel vedlikehaldne som ei lagerbu. Stabburet er framleis ei staseleg bygning på mange gardstun Noreg i dag.


Samar[endre | endre wikiteksten]

Samisk stabbur frå Lappstaden i Arvidsjaur i det nordlege Sverige.

Samiske stabbur kan ofte vera bygde på toppen av éin eller to avkutta trestammar i staden for på fleire stavar eller stabbar som i andre tradisjonar. Dei er så å seie alltid lafta.

Sverige[endre | endre wikiteksten]

I Sverige er stabburet kjent som härbre eller stolpbod.

Finland[endre | endre wikiteksten]

I Finland nyttast ordet aitta om stabbur, men òg om andre bur og buer.

Russland[endre | endre wikiteksten]

Alpane[endre | endre wikiteksten]

Stabbur av tre kallast raccard i Valais i Sveits og Troadkasten (høgtysk Getreidekasten) i Altbayern og Austerrike.

Spania og Portugal[endre | endre wikiteksten]

«Panera» (stabbur) av asturiansk type i Cantabria i det nordlege Spania. (Foto: José Manuel)
«Espigueiros» i Soaje i Arcos de Valdevez lengst nord i Portugal. (Foto: «Sacavem»)

Den iberiske halvøya finn ein stabbura først og fremst i nordvest — i Asturias, Galicia og det nordlege Portugal. Bygningstypen er kjend som espigueiro i Portugal og som hórreo (stabbur, særleg for lagring av frukt) eller panera (stabbur for lagring av korn og kornprodukt) i Asturias og Galicia. Dei iberiske stabbura har elles ofte eit stort tal gliper i veggane for å auke gjennomluftinga. Dei kan vera bygde i tre (særleg grindbygg) eller stein. I aust, Asturias og Provincia de León, er stabbura meir eller mindre kvadratiske, mens dei i vest, Galicia og Portugal, er meir avlange. Den lengste hórreoen som er kjent i Spania finst i Carnota i La Coruña og er heile 35 meter lang.

Berre i Asturias reknar ein med at det finst kring 18 tusen hórreos og paneras, og det blir stadig bygd nye. Mange av dei eldre av desse er i noko dårleg stand, men den situasjonen har begynt å snu seg noko dei siste åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]